|
Nettverk for Nordisk dialektsyntaks
I alt ni nordiske forskargrupper deltek i ScanDiaSyn. Saman med ytterlegare tre ikkje-nordiske grupper som også forskar på syntaktisk variasjon, er desse organisert i Network for Scandinavian Dialect Syntax. Nettverket er støtta av NordForsk, i første omgang for perioden 2005-2007. Nettverkskoordinator er dr. Øystein Alexander Vangsnes, og nettverket vert elles leia av ei styringsgruppe sett saman av fem av gruppeleiarane.
Kvart år vert det halde eit stormøte for nettverket. I 2005 vart stormøtet lagt til Leikanger, Noreg, frå 24. til 28. august, medan det i 2006 vart halde i Solf i Österbotten, Finland, 8.-11. juni.
Institutsjonar i nettverket
Nordiske
Universitetet i Tromsø (NO)
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NO)
Universitetet i Oslo (NO)
Háskóli Íslands (IS)
Fróðskaparsetur Føroya (FO)
Københavns Universitet (DK)
Aarhus Universitet (DK)
Lunds universitet (SE)
Helsingfors universitet (FI)
Europeiske (ikkje-nordiske)
Università degli Studi di Padova (IT)
Meertens Instituut (NL)
University of Edinburgh (UK)
|