Studentenes informasjons- og veiledningskontor 
Startsiden
 
Til Forsknings- og studieavdelinga
 
SIV
Studieinfo-
kalender
Studie-
konsulentar
 
[ Logg inn ]
 
Language:

set width of left cell in netscape 4
Startsiden › studieavdelinga › studieavdelinga › siv
Printer friendly

Velkomen til SIV!


SIV bilde
Ingen spørsmål er for store, ingen spørsmål er for små. Lurar du på noko i samband med studia dine, korleis dei kan byggast opp og setjast saman, korleis du kan passe inn tidlegare utdanning, eller korleis du kan byggje på ein grad, så er Studentenes informasjons- og veiledningskontor (SIV) den rette staden for deg. På SIV tenkjer vi heilskapleg på rettleiing og følgjer studentane gjennom heile utdanninga, frå byrjing til slutt.

Førstelineteneste
SIV er ei førstelineteneste for studentar som har studiespørsmål dei ikkje finn svar på sjølv. Ved Universitetet i Tromsø blir studentane tilbode rettleiing, informasjon og oppfølging av både fagleg, administrativ og meir personlig art. Men det er kanskje ikkje alltid like enkelt å finne ut kvar du får hjelp til kva. SIV gjev ikkje fagleg rettleiing til studentane, men er der for å hjelpe studentane til å navigere gjennom systemet. SIV bidrar med praktiske opplysningar og viser studentane til rett stad. SIV er altså ein bra stad å byrje å stille spørsmål. Dette er særleg viktig for nye studentar som ikkje er godt kjende med Universitetet, men også dei studentane som har vore her ei stund kan trenge hjelp.

Integrering og utanlandsopphald
Studieprogramma tilbyr høve til utanlandsopphald. SIV gjev også informasjon om delstudium i utlandet til universitetets studentar som har planar om å reise ut. Dette kontoret har også eit rettleiings- og informasjonsansvar for internasjonale studentar som kjem hit og arbeider for å leggje tilhøva til rette for integrering av dei internasjonale studentene som kjem til Universitetet i Tromsø. I tillegg rettleier og informerer SIV dei internasjonale studentane om norske tilhøve og system.

Kontaktpunkt for studentar
SIV tek også imot synspunkt frå studentar på læringsmiljøet og bringer desse vidare til Læringsmiljøutvalet (LMU).


Kontaktpersonar:
Studieinformasjon Studieveiledning    
(norske studentar)tlf 77 64 49 60
Studierettleiar Cato Christensen
(utanlandske studentar)tlf 77 64 49 68
Internasjonal rådgivar Magdalena Brekke
(utenlandske studentar - norske utvekslingsstudentar)tlf 77 64 49 61

Du finn oss i Administrasjonsbygget, 2. etg.


Universitetet i Tromsø, Studieavdelinga, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 49 60
Oppdatert av rådgivar Sigrun Høgetveit Berg den 12.10.2006 10:08
Ansvarlig redaktør forskn. / studiedir. Ingrid Bergslid Salvesen


Read this page in: Bokmål | English

set width of main cell in netscape 4

Alle UiTø-sider
Avansert søk

Sider:
Viser 1 av 1
SIV - rettleiing og informasjon

Kvalitetknapp
set width of right cell in netscape 4