Tilbake til normal visning

Studie- og studentfasilitetar

Studiefasilitetar
Universitetet i Tromsø har alle fasilitetar moderne akademiske studium krev – alt plassert sentralt på campus. For å få tilgang til biblioteket og alle pc-labane må du vera registrert student med studentkort.

Universitetsområdet i Tromsø er tett og intimt – alt samla i Breivika nord på Tromsøya. På UiT er det òg kort veg mellom tilsett og student – noko som gjer rettleiing og faglege diskusjonar bade opne og nære.

Studentane på Universitetet i Tromsø meiner dørstokkane ikkje er høge korkje inn til dei administrativt eller faglege tilsette.

Studentfasilitetar
Studentsamskipnaden i Tromsø er velferdsorganisasjonen for tromsøstudentane – og tilbyr bustader, kantiner, barnehagar og idrettshall. Og ikkje minst – Studenthuset driv.

Prisane i Tromsø er som elles i landet, og på den private bustadmarknaden kostar det like mykje å leige som i dei andre storbyane i Noreg. Samskipnaden sine hyblar kostar mellom 1650 og 2800 kroner i månaden og er mellom 10 og 25 kvadratmeter. I kantinene er middagsprisen mellom 40 og 55 kroner. Sjå meir hos Studentsamskipnaden

Studentane i Tromsø kan få månadskort på bussane som gjev 50% rabatt på ordinære prisar. Busstilbodet er godt både i sentrum, på resten av Tromsøya, på fastlandet og Kvaløya. Sjå meir hos Tromsbuss.


Universitetet i Tromsø, Studieavdelinga, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 49 60
Oppdatert av studieveileder Grethe Karlsen den 09.08.2007 09:03
Ansvarlig redaktør: forskn. / studiedir. Ingrid Bergslid Salvesen