|
Beskrivelse fra FS
NOR-2115: Nordisk litteraturvitenskap: Ord og bilde. Aspekter ved forholdet mellom søsterkunstarter Vekting 10 studiepoeng | Mål Kurset skal både gje ei særskilt innsikt i relasjonen ord/bilete i litteraturen og i eit stort forskingsfelt, samt førebu til sjølvstendig vitskapeleg arbeid på hovudfag. | Innhold Dette er eit fordjupingsemne som gir høve til spesialisering, og som skal førebu til sjølvstendig vitskapleg arbeid på hovudfag.Tekstpensumet skal vere valt og avgrensa slik at det utgjer eit samanhengande emne, og det kan hentast både frå prosa, dramatikk og lyrikk såvel som frå litteraturkritikk. Med ordkunsten som utgangspunkt vil ein i kurset drøfte ulike relasjonar mellom ord og bilete; analogiar mellom dei to kunstartane, korleis det biletmessige blir tematisert i litteraturen, ekfrastisk litteratur, m.v. I kurset inngår òg ein bolk teoretisk litteratur.
Dette kurset vil ikkje bli gitt regelmessig. | Undervisning Undervisninga vil gå over 13 veker med to timar pr. veke. Deretter blir det arbeid med semesteroppgåva under rettleiing. Undervisninga blir gjeven i form av forelesingar, øvingar og problembasert oppgåveskriving (semesteroppgåve). | Vurdering Arbeidskrav: For å gå opp til eksamen må studenten i løpet av seminaret ha halde eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt. Studentane skal vidare skrive ei semesteroppgåve under rettleiing.
Vurderinga består av to delar: Semesteroppgåve, 10-12 sider, over sjølvvalt emne og ei munnleg prøve. Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten. For å gå opp til eksamen må studenten i løpet av seminaret ha halde eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.
Minst ett av emnene på 2000-nivå skal skrives på bokmål, og minst ett på nynorsk. | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje året. | Kontaktperson Professor Ole Karlsen E-post: Ole.Karlsen@hum.uit.no Tlf. 776 46 502 | Emnetype Teoretisk. | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet | Undervisningsspråk Norsk |
Undervisning høsten 2004
Første gang: Fredag 17.09. kl 1015 rom A 3012 | | Forelesning | Foreleser: Ole Karlsen Semesteroppgave 19.11. Muntlig i uke 50-51. Samling i ukene 38, 42 og 45
Fredag 10:15 til 16:00 A 3012 SV-fak. og HUM-fak. bygget
Lørdag 10:15 til 14:00 A 3012 SV-fak. og HUM-fak. bygget
Varighet: 1 Semester |
|