Tilbake til normal visning

Beskrivelse fra FS

NOR-2115: Nordisk litteraturvitenskap: Ord og bilde. Aspekter ved forholdet mellom søsterkunstarter

Vekting
10  studiepoeng
Mål
Kurset skal både gje ei særskilt innsikt i relasjonen ord/bilete i litteraturen og i eit stort forskingsfelt, samt førebu til sjølvstendig vitskapeleg arbeid på hovudfag.
Innhold
Dette er eit fordjupingsemne som gir høve til spesialisering, og som skal førebu til sjølvstendig vitskapleg arbeid på hovudfag.Tekstpensumet skal vere valt og avgrensa slik at det utgjer eit samanhengande emne, og det kan hentast både frå prosa, dramatikk og lyrikk såvel som frå litteraturkritikk. Med ordkunsten som utgangspunkt vil ein i kurset drøfte ulike relasjonar mellom ord og bilete; analogiar mellom dei to kunstartane, korleis det biletmessige blir tematisert i litteraturen, ekfrastisk litteratur, m.v. I kurset inngår òg ein bolk teoretisk litteratur.

Dette kurset vil ikkje bli gitt regelmessig.
Undervisning
Undervisninga vil gå over 13 veker med to timar pr. veke. Deretter blir det arbeid med semesteroppgåva under rettleiing. Undervisninga blir gjeven i form av forelesingar, øvingar og problembasert oppgåveskriving (semesteroppgåve).
Vurdering
Arbeidskrav:
For å gå opp til eksamen må studenten i løpet av seminaret ha halde eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt. Studentane skal vidare skrive ei semesteroppgåve under rettleiing.

Vurderinga består av to delar: Semesteroppgåve, 10-12 sider, over sjølvvalt emne og ei munnleg prøve. Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten. For å gå opp til eksamen må studenten i løpet av seminaret ha halde eit førebudd munnleg innlegg på ca. 15 minutt.

Minst ett av emnene på 2000-nivå skal skrives på bokmål, og minst ett på nynorsk.
Emnenivå/studieår
Vanligvis tredje året.
Kontaktperson
Professor Ole Karlsen
E-post: Ole.Karlsen@hum.uit.no
Tlf. 776 46 502
Emnetype
Teoretisk.
Pensum
Ta kontakt med instituttet/fakultetet
Undervisningsspråk
Norsk

Undervisning høsten 2004

Første gang: Fredag 17.09. kl 1015 rom A 3012
ForelesningForeleser: Ole Karlsen
Semesteroppgave 19.11.
Muntlig i uke 50-51.
Samling i ukene 38, 42 og 45

Fredag 10:15 til 16:00
A 3012 SV-fak. og HUM-fak. bygget

Lørdag 10:15 til 14:00
A 3012 SV-fak. og HUM-fak. bygget

Varighet: 1 Semester



Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 04.01.2005 21:41
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Asbjørn Bartnes