|
Beskrivelse fra FS
NOR-2027: Språknormering og språkriktighet. Spesialemne for utenlandske studenter. Vekting 10 studiepoeng | Mål Studentane skal gjere greie for sentrale normeringsspørsmål i norsk - og i kva grad nasjonale, sosiale og pedagogiske omsyn har legi til grunn for normeringa av dei to skriftspråka våre. Vidare skal dei ha tileigna seg eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere den språklege kvaliteten i ulike tekstar, t.d. frå aviser, offentleg språkbruk og ulike typar fagspråk. Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole. | Innhold Studiet inkluderer språknormeringsteori, normering av bokmål og nynorsk i eit historisk perspektiv og aktuelle normeringsspørsmål i dei to målformene i dag. Ein vil også komme inn på språkriktigheitsspørsmål, bl.a. drøfting av kvifor éin uttrykksmåte kan sjåast på som betre enn ein annan. | Undervisning Undervisninga er lagd opp som ein kombinasjon av forelesingar og seminar. Undervisninga i byrjinga av semesteret (dei fyrste tolv vekene) skal fyrst og fremst gi studentane grunnlag for å skrive ei semesteroppgåve innafor språknormering/språkriktigheit. Emnet for oppgåva vel studenten i samråd med faglæraren. Etter den fyrste undervisningsfasen kjem det ein undervisningsfri periode på fire veker da studentane arbeider med semesteroppgåva. I slutten av semesteret blir det undervist i stoff som studentane blir prøvd i til munnleg eksamen. Innom ein fastsett frist leverer studentane ei pensumliste som må godkjennast av faglæraren. | Vurdering Vurderingsform: Heimeoppgåve (10-12 sider) og munnleg eksamen. Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten.
Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur. | Eksamenssemester Høst | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje året. | Kontaktperson Studiekonsulent Anne Kjøsnes E-post: Anne.Kjosnes@hum.uit.no Tlf. 776 45 629 | Emnetype Teoretisk. | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet | Undervisningsspråk Norsk |
Undervisning høsten 2004 Første gang: Fredag 17.09. kl 1015 rom E 0104 | | Forelesning | Foreleser: Tove Bull. Oppgaveutlevering 01.12., innlevering 15.12. Muntlig i ukr 50-51 Undervisning i uke 38 og 45.
Fredag 10:15 til 18:00 E 0104 SV-fak. og HUM-fak. bygget
Lørdag 09:15 til 13:00 E 0104 SV-fak. og HUM-fak. bygget
|
|