Tilbake til normal visning

Beskrivelse fra FS

NOR-2027: Språknormering og språkriktighet. Spesialemne for utenlandske studenter.

Vekting
10  studiepoeng
Mål
Studentane skal gjere greie for sentrale normeringsspørsmål i norsk - og i kva grad nasjonale, sosiale og pedagogiske omsyn har legi til grunn for normeringa av dei to skriftspråka våre. Vidare skal dei ha tileigna seg eit tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere den språklege kvaliteten i ulike tekstar, t.d. frå aviser, offentleg språkbruk og ulike typar fagspråk. Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole.
Innhold
Studiet inkluderer språknormeringsteori, normering av bokmål og nynorsk i eit historisk perspektiv og aktuelle normeringsspørsmål i dei to målformene i dag. Ein vil også komme inn på språkriktigheitsspørsmål, bl.a. drøfting av kvifor éin uttrykksmåte kan sjåast på som betre enn ein annan.
Undervisning
Undervisninga er lagd opp som ein kombinasjon av forelesingar og seminar. Undervisninga i byrjinga av semesteret (dei fyrste tolv vekene) skal fyrst og fremst gi studentane grunnlag for å skrive ei semesteroppgåve innafor språknormering/språkriktigheit. Emnet for oppgåva vel studenten i samråd med faglæraren. Etter den fyrste undervisningsfasen kjem det ein undervisningsfri periode på fire veker da studentane arbeider med semesteroppgåva. I slutten av semesteret blir det undervist i stoff som studentane blir prøvd i til munnleg eksamen. Innom ein fastsett frist leverer studentane ei pensumliste som må godkjennast av faglæraren.
Vurdering
Vurderingsform: Heimeoppgåve (10-12 sider) og munnleg eksamen. Den skriftlege oppgåva tel halvparten av karakteren, den munnlege eksamenen utgjer den andre halvparten.

Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.
Eksamenssemester
Høst
Emnenivå/studieår
Vanligvis tredje året.
Kontaktperson
Studiekonsulent Anne Kjøsnes
E-post: Anne.Kjosnes@hum.uit.no
Tlf. 776 45 629
Emnetype
Teoretisk.
Pensum
Ta kontakt med instituttet/fakultetet
Undervisningsspråk
Norsk

Undervisning høsten 2004
Første gang: Fredag 17.09. kl 1015 rom E 0104
ForelesningForeleser: Tove Bull.
Oppgaveutlevering 01.12., innlevering 15.12. Muntlig i ukr 50-51
Undervisning i uke 38 og 45.

Fredag 10:15 til 18:00
E 0104 SV-fak. og HUM-fak. bygget

Lørdag 09:15 til 13:00
E 0104 SV-fak. og HUM-fak. bygget



Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av default Administrator Account den 04.01.2005 21:42
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Asbjørn Bartnes