|
NOR-2020: Norrøn filologi. Spesialemne for utenlandske studenter. Vekting 10 studiepoeng | Mål Studiet skal gje ei grunnleggjande innføring i norrøn filologi. Studentane må derfor ha skaffa eller skaffe seg så godt grunnlag i norrøn grammatikk at dei kan lese både normaliserte og unormaliserte tekster fra mellomalderen. Medan dei normaliserte tekstane først og fremst skal støtte opp under grammatikkstudiet og gje eit visst inntrykk av ulike litterære sjangrar, skal arbeidet med dei unormaliserte tekstane gje innsikt i filologisk arbeid med mellomaldertekstar og vise korleis dei fungerer som språkhistoriske kjelder. Emnet gir ikkje kompetanse for å undervise i norsk skole. | Innhold Emnet i norrøn filologi er ei innføring i studiet av nordiske mellomaldertekstar, både normaliserte og unormaliserte tekstar. | Undervisning Undervisninga blir gjeven i form av forelesingar og seminar med ein dobbeltime pr. veke i 13 veker. Dei undervisningsfrie periodane skal brukast til den obligatoriske heimeoppgåva og sjølvstudium. | Vurdering Arbeidskrav: Studentane skal i løpet av semesteret skrive ei heimeoppgåve om språket i ein unormalisert tekst foreslått av faglærar. Oppgåva må vere godkjend før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform: Skoleeksamen (6 timar) ved slutten av semesteret.
Ved skoleeksamen blir det utdelt norrøn ordbok og eit oversyn over norrøne bøyingsmønster.
Det blir ikkje stilt krav om å kunne nytte både bokmål og nynorsk, og det blir også stilt mindre krav til praktisk språkdugleik enn for studentar som tar eit ordinært emne i nordisk språk eller litteratur.
Bokstavkarakterar (A-F). | Eksamenssemester Vår, Høst | Dato(er) for skriftlig eksamen 30.11.2005 Eksamensdato er foreløpig og vil kunne bli endret. Endelig eksamensdato kunngjøres ved oppslag på det enkelte fakultet primo mai for vårsemesteret og primo november for høstsemesteret. | Emnetype Teoretisk. | Emnenivå/studieår Vanligvis tredje året. | Kontaktperson Professor Endre Mørck E-post: Endre.Morck@hum.uit.no Tlf. 776 44 238 | Pensum Ta kontakt med instituttet/fakultetet | Undervisningsspråk Norsk | Emnet overlapper disse emnene NOR-2010 -1 10 sp | Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?department=ALLE&module=NOR-2020-1 |
Undervisning høsten 2005
Første forelesning: Tirsdag 16. august kl 0915, rom A 3019 | | Forelesning | Samkjøres med NOR-2010. Timeplan: Se NOR-2010 |
|