|
NOR-3940: Mastergradsoppgåve i nordisk språk, integrert lektorutdanning Vekting 30 studiepoeng | Mål Gjennom å utføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid med eit fagdidaktisk perspektiv får studenten spisskompetanse innafor eit avgrensa, fagmetodisk felt og samtidig ein generell kompetanse for vidare fagdidaktisk arbeid. Ved å bearbeide og organisere eit materiale, stille relevante spørsmål og ha ein adekvat metodikk vil studenten også få kompetanse i prosjektarbeid/problemløysing. I tillegg til dette vil studenten få særs god trening i å formulere seg skriftlig. | Innhald Masteroppgåva skal vere ei sjølvstendig vitskapleg gransking over eit sjølvvalt emne, med fagdidaktisk vinkling, godkjent av den faglæraren som blir oppnemnd til rettleiar. Lengda på masteroppgåva bør vere 40-70 sider (maskinskrivne med margar på 2,5-3,0 cm, linjeavstand 1,5 og 12 punkt skriftstorleik). I somme tilfelle kan det vere nødvendig å gå ut over det tilrådde sidetalet, særlig når materialpresentasjonen tar mye plass. Karakteren på masteroppgåva skal ikkje vere avhengig av omfanget på avhandlinga så lenge ho er over minimumslengda, men av korleis emnet for oppgåva er behandla. | Undervisning Sjå emnet "Masteroppgåveseminar"- | Vurdering Masteroppgåva skal innleverast i 7 eksemplar (10 for dei som skriv masteroppgåve i talemål, namnegransking eller norrønt) 4 veker før siste eksamen. Evaluering: bokstavkarakterar. | Eksamenssemester Vår |
|