|
Gradsstruktur
 |
| Gradsstruktur ved UiTø og vegen fram til doktorgrad |
Bachelorgraden har ei normert studietid på tre år, med eit omfang på 180 studiepoeng. Universitetet i Tromsø har tre fagspesifikke bachelorgradar: i marine fag, i realfag og i kultur- og samfunnsfag. Innanfor alle desse gradane er det mange studieprogram. I tillegg tildeler Universitetet ein bachelorgrad utan fagspesifikk tilleggsnemning – i fritt samansette fag.
Den integrerte mastergraden blir tildelt på bakgrunn av eit femårig utdanningsløp og har eit omfang på 300 studiepoeng.
Universitetet i Tromsø har to seksårige profesjonsstudium på 360 studiepoeng, medisin og psykologi, søm fører fram til gradane cand.med. og cand.psychol.
Den toårige mastergraden på 120 studiepoeng byggjer på fullført bachelorgrad, cand.mag.-grad eller liknande.
Den erfaringsbaserte mastergraden er normert til 1 1/2 eller 2 år og er på 90 eller 120 studiepoeng. Graden byggjer på fullført bachelorgrad, cand.mag.-grad eller liknande, og i opptaksgrunnlaget er det i tillegg krav om to års relevant yrkeserfaring. Den erfaringsbaserte mastergraden gir som regel ikkje opptak til PhD-studiet.
Doktorgradsutdanninga er treårig og fører fram til ein PhD-grad. Utdanninga byggjer på fullført mastergrad- eller profesjonsutdanning.
|