Search Tavla Humanities Law Science Medicine Fishery Sciences Social Sciences Centres TMU Library Administration
set width of left cell in netscape 4


Top page

Studietorget
For studenter
For studiesøkere

Studies
Studieprogram
Vidareutdanning
Emnekatalogar
Akademisk system
Rettleiing
Logg på
Studentliv
Akademisk år
Info
From A to Z
News
Contact us
Campus map
  
 
Language:

 
[ Login ]
set width of left cell in netscape 4
Startpage › studier › studietilbod › 8139
Printer friendly

Det akademiske systemet

Vurdering og eksamensformer
Karaktersystem
Kvalitetssikringssystemet
Læringsmiljøutvalet
Gradsstrukturen
Utdanningsplan
Studierett
Enkeltemne
Eit studieprogram er eit fastlagt studieløp som er bygd opp av ulike emne. Kvart emne er ei sjølvstendig studieeining som blir evaluert med eksamen. Emne har vanlegvis eit arbeidsomfang på 10 eller 20 studiepoeng (jf ECTS credits). Eit semester er normert til 30 studiepoeng, eit studieår til 60 studiepoeng.

Vurdering og eksamensformer er samansette, og det blir nytta to karaktersystem: bokstavkarakterar frå A-F og bestått/ikkje bestått. I kvalitetssikringssystemet til universitetet er det fastlagt rutinar for studentevalueringar av emne og program, og det fysiske og psykiske arbeidsmiljøet til studentane blir følgd opp av Læringsmiljøutvalet.

Studieprogramma fører fram til ein grad, og gradsstrukturen i norsk høgare utdanning er bygd opp av 3-årige bachelorgradar, 5-årige integrerte mastergradar, 2-årige påbyggingsmastergradar og 6-årige profesjonsstudium. Desse utdanningane kan byggjast på med ei PhD-utdanning fram til ein doktorgrad.

Som student på eit studieprogram får du tildelt ein individuelt tilpassa utdanningsplan. Planen skal leggje til rette for at studentane kjem gjennom studiet til normert tid og skal omhandle rettleiing, informasjon og studieplanlegging for den enkelte.

For dei som ikkje ønskjer eller av anna årsak ikkje har høve til å følgje eit fleirårig studieprogram fram til ein grad, er det mogeleg å søkje om opptak til eitt eller fleire emne. Dei får studierett til enkeltemne for eitt og eitt studieår om gongen og må difor søkje om nytt opptak kvart år dei ønskjer å studere.







Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Updated by rådgivar Sigrun Høgetveit Berg on 01.06.2006 at 14:53
Ansvarlig redaktør: konst. kommunikasjonsdirektør Karen Marie Christensen


Read this page in: Bokmål

set width of main cell in netscape 4

All UiT-pages
Advanced search
set width of right cell in netscape 4