Search Tavla Humanities Law Science Medicine Fishery Sciences Social Sciences Centres TMU Library Administration
set width of left cell in netscape 4


Top page

Studietorget
For studenter
For studiesøkere

Studies
Studieprogram
Vidareutdanning
Emnekatalogar
Akademisk system
Rettleiing
Logg på
Studentliv
Akademisk år
Info
From A to Z
News
Contact us
Campus map
  
 
Language:

 
[ Login ]
set width of left cell in netscape 4
Startpage › studier › studietilbod › 8139 › 5
Printer friendly

Utdanningsplan

Eit av dei sentrale måla i kvalitetsreforma var å styrke kontakten mellom studentane og lærestaden, og innføringa av utdanningsplanar var eitt av bidraga til tettare oppfølging av studentane. Utdanningsplanen skal vere eit verktøy for begge partar ved planlegging og gjennomføring av eit studieprogram. Planen skal leggje til rette for at studentane kjem gjennom studiet til normert tid og skal omhandle rettleiing, informasjon og studieplanlegging for den enkelte. Både fulltids- og deltidsstudentar som tek studium av 60 studiepoengs omfang eller meir, skal vere omfatta av ein utdanningsplan. Unntak er privatistar. Utdanningsplanen er regulert i lov om universiteter og høgskoler § 4-2.

I den generelle delen av utdanningsplanen, som vil vere relativt lik for alle, inngår ein avtale mellom studenten og universitetet om kva plikter og rettar dei har i forhold til kvarandre. Avtalane skal blant anna vise til sørviserklæringa og gjeldande lover og forskrifter som regulerer forholdet mellom studenten og universitetet. Vidare skal planen vise korleis universitetet legg til rette for at studentane kjem gjennom definerte læringsmål på normert tid og skal synleggjere ansvaret studentane har for å oppfylle dei studiekrava som universitetet stiller til deltaking, obligatoriske arbeid og studieprogresjon.

I den individuelle delen av utdanningsplanen er det lagt inn informasjon frå studie- eller fagplan for det studieprogrammet studenten er teke opp til. Fagleg innhald og oppbygging av studiet, arbeidsformer, normert studietid og vurderingsformer skal også vere omtalte. Utdanningsplanen viser alle obligatoriske emne, eventuelt tilrådde og valfrie emne innanfor eit studieprogram. Det skal også gå fram kven som er ansvarleg kontaktperson.

Utdanningsplanen er nettbasert og skal inngåast ved starten av studiet. Det er ope for å gjere endringar av val undervegs, men planen skal bekreftast kvart semester i samband med registrering og eksamensmelding. Studiekonsulentar på dei ulike programma/faga skal gje personleg rettleiing i samband med oppsetting og endring av utdanningsplanen.


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Updated by rådgivar Sigrun Høgetveit Berg on 24.04.2006 at 10:00
Ansvarlig redaktør: konst. kommunikasjonsdirektør Karen Marie Christensen


Read this page in: Bokmål

set width of main cell in netscape 4

All UiT-pages
Advanced search
set width of right cell in netscape 4