|
Karaktersystem
Karaktersystemet ved norske universitet og høgskolar er todelt:
• eit bokstavkaraktersystem frå A til F, der A er beste ståkarakter, E er dårlegaste og F er ikkje bestått
• eit todelt karaktersystem med verdiane bestått/ikkje bestått
Bokstavkaraktersystemet er slik:
Symbol
| Nemning
| Generell, kvalitativ omtale av vurderingskriterium |
| A | Framifrå | Framifrå prestasjon som klart utmerkar seg. Kandidaten viser svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. |
| B | Mykje god | Mykje god prestasjon. Kandidaten viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende. |
| C | God | Jamnt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten viser god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda. |
| D | Nokså god | Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten viser ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. |
| E | Tilstrekkeleg | Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten viser lita vurderingsevne og sjølvstende. |
| F | Ikkje bestått | Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende. |
Diploma Supplement
Alle kandidatar som har avslutta eit studieprogram ved Universitetet i Tromsø får eit vitnemål med karakterar og eit Diploma Supplement. Diploma Supplement er eit engelskspråkleg vitnemålstillegg som gjev informasjon om graden og studieprogrammet. Dokumentet skal gjera det lettare for kandidaten å presentere utdanninga si internasjonalt, og det er berre gyldig saman med sjølve vitnemålet.
For meir informasjon om vurderingsuttrykk og karakterfastsetjing, sjå eksamensforskrifta.
|