Return to normal view

Karaktersystem

Karaktersystemet ved norske universitet og høgskolar er todelt:
• eit bokstavkaraktersystem frå A til F, der A er beste ståkarakter, E er dårlegaste og F er ikkje bestått
• eit todelt karaktersystem med verdiane bestått/ikkje bestått

Bokstavkaraktersystemet er slik:

Symbol      
Nemning     
Generell, kvalitativ omtale
av vurderingskriterium
    AFramifråFramifrå prestasjon som klart
utmerkar seg. Kandidaten viser svært god vurderingsevne og stor grad av
sjølvstende.
    BMykje godMykje god prestasjon. Kandidaten viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende.
    CGodJamnt god prestasjon som er
tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten viser god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.
    DNokså godEin akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten viser ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.
    ETilstrekkelegPrestasjonen tilfredsstiller
minimumskrava, men heller ikkje
meir. Kandidaten viser lita vurderingsevne og sjølvstende.
    FIkkje beståttPrestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

Diploma Supplement
Alle kandidatar som har avslutta eit studieprogram ved Universitetet i Tromsø får eit vitnemål med karakterar og eit Diploma Supplement. Diploma Supplement er eit engelskspråkleg vitnemålstillegg som gjev informasjon om graden og studieprogrammet. Dokumentet skal gjera det lettare for kandidaten å presentere utdanninga si internasjonalt, og det er berre gyldig saman med sjølve vitnemålet.

For meir informasjon om vurderingsuttrykk og karakterfastsetjing, sjå eksamensforskrifta.


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Updated by rådgivar Sigrun Høgetveit Berg on 02.06.2006 at 14:00
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Stein-Gunnar Bondevik