Søk Tavla Hum-fak. Jur.fak. Mat.-nat.fak. Med.fak. NFH SV-fak. Sentre TMU UB Adm.
set width of left cell in netscape 4
Startsiden

Studentstyret
Støttemidler
Organisasjon
Kampanjer
Representanter
Valg
Komiteer
Møter
Saker
Reglementer
Nyheter
Helsetjenester
Studentbilen
Forum
  
Lenker
Studenthuset driv
UiTøs Studietorg
Samskipnaden
NSU sentralt
Debutuka
Utropia
Veiledning
 
[ Logg inn ]
 
Language:

set width of left cell in netscape 4
Startsiden › studstyret › saker › orienteringer › 11
Printer friendly

Tilhører Sst-møte
Sst 01/05

Orientering fra
INTERNASJONALT ANSVARLIG, Åsne Refsdal

Orientering frå Internasjonalt ansvarleg
Mottaksdag 6. og 7. jan
Saman med Cathrine Cooke og Line Vråberg var Sst og ISU med på den første mottaksrunden for dei nye internasjonale studentane. Det var ca 20 studentar denne gongen, men i alt kjem det 49 studentar. Dei vart ønska velkomne av pro rektor og fekk ei generell innføring om Tromsø, UiT og studiekvardagen. Det var guiding på universitetsområdet og i byen og begge kveldane var avslutta med billeg øl på Meieriet. Resten av dei internasjonale studentane kjem i løpet av januar, og vert teke i mot av Cathrine og Line + ein studentrepresentant kvar gong. Me trur at studentane som kom i først pulje likte opplegget og følte seg velkomne til Universitetet i Tromsø. Det er viktig med studentrepresentasjon på mottaksdagane. Det synes både dei nye studentane og administrasjonen som arbeider med dei internasjonale studentane.

Offentleggjering av Studentane sin fredspris (SSF)
Saman med SAIH og Amnesty studentgruppa skulle me lage blest rundt offentleggjeringa av Studentane sin fredspris. Vinnaren vart Asociacion Colombiana de Estudiantes Universitarios (ACEU). ACEU er den største studentorganisasjonen i Colombia og er representert ved 30 av dei offentlege universiteta i Colombia, samt nokon private. Organisasjonen vart grunnlagt i 1998 mykje på grunn av ei ny lov som tek føre seg høgare utdanning. Lov nummer 30 opna for ei liberalisering av akkrediteringa av universiteta. Universiteta vart meir fristilte og det vart i praksis opna for at kva som helst utdanningsinstitusjon å kalle seg for universitet. ACEU kom difor som eit svar på behovet for å forsvare dei offentlege universiteta, som vert trua av nettopp denne lova.

Ved sidan av å jobbe mot privatiseringa, engasjerer ACEU seg sterkt i den brutale konflikten i Colombia.”I Colombia kan ein ikkje skilja studentpolitikk frå nasjonal politikk. Vår fremste utfordring er å forsvare dei offentlege universiteta og sikre retten til utdanning. Retten til å organisere seg i studentpolitikken heng tett saman med kampen om retten til å delta i nasjonalpolitikken. Me krev at regjeringa tek opp fredsdialogar med sivilbefolkninga og finn ei fredleg løysing på konflikten som har herja i landet i fleire tiår” seier Diego Martinez, frå sentralstyret til ACEU.

I samband med SSF er det starta ein kaffi aksjon som skal gje inntekter til fredsprisen. Tanken er å legge på 1 krone på kaffiprisen i ein periode. Alle universiteta i Noreg og fleire høgskular har denne kaffi aksjonen, medan samskipnaden ved UiT har sagt nei. Denne saka var oppe i Samskipnaden i haust, men me vil prøve igjen no og ønskjer å få det til i løpet av veke 8, som er den veka me får besøk av vinnaren.

Minnemarkering for tsunami ofra
Dette var eigentleg tenkt som kafé i samband med SSF, men sidan det var same dag som Universitetet si markering av flomkatastrofen valde me å gjere det om til solidaritetskafé i staden. Saman med SAIH, Amnesty og Sst vart ISU teke med. Mange studentar og tilsette fann vegen til nye Bodegaen etter markeringa i labyrinten. Fleire av dei internasjonale studentane som var frå det katestroferamma området hadde eit ønskje om å sei noko, og det vart eit fint høve å gjere det på. Det kom inn 1360 kroner for Universitetet i Tromsø sin innsamling, så det er me også glade for.





Oppdatert av organisasjonssekretær Anja Støback Bjørsvik den 19.01.2005 15:45
Tilbakemeldinger om denne siden kan rettes til orgsek@sst.org.uit.no
Ansvarlig redaktør for Studentstyrenettsidene: Anja Uglem


Read this page in: Bokmål |

set width of main cell in netscape 4

Sider:
Viser 1-15 av 126
   
*Not translated
0607-02
Sst 00/04
Sst 00/04
Sst 00/04
Sst 00/04
Sst 01/05
Sst 01/05
Sst 01/05
Sst 01/05
Sst 01/0506
Sst 02/05
Sst 02/05
Sst 02/05
Sst 02/05
set width of right cell in netscape 4