|
Tilhører Sst-møte
Sst 02/05
Orientering fra
INTERNASJONALT ANSVARLIG, Åsne Refsdal
Orientering frå Internasjonalt Ansvarleg
Kaffi aksjonen:
Som dykk kanskje såg, i løpet av veke 8 hadde me kaffi aksjon i dei tre største kantinene på universitetet og høgskulen (Teorifagbygget, MH og lærarskulen). Det var eit kompromiss mellom samskipnaden og studentstyret. Me er veldig fornøgd, og trur også samskipnadene synes det vart ei grei ordning. Me veit ikkje kor mykje pengar kjem til å komme inn på dette tidspunktet.
Studentane sin fredspris
Me hadde besøk av Ana Paola Romero frå 21.-22. feb. Ho fekk møte rektor, haldt innleiing i nye bodegaen og var med på temamøte på driv. Ikkje allverden med folk, men det vart ein god dialog mellom Ana og dei frammøtte. På tysdag deltok ho på ”Peace Forum” ved senter for fredsstudie.
Latin-Amerikansk veke i Bodegaen
Kvar dag i veke 8 var det kulturelle aktivitetar i Nye Bodegaen. I skrivande stund er berre ein av arrangementa unnagjort, men det gjekk veldig bra, og me håper på like mange folk dei neste dagane. Alt sal av kaffi og vaflar går til Studentanes Fredspris sitt fond.
Programmet var som følgjer:
Måndag 21. feb. kl 14:
“Studentdemokrati med livet som innsats” ACEU representant Ana Paola Romero fortel
Tysdag 22. feb. kl 14 :
“Latin-Amerika; Ulike røyndomar” UiT sine studentar frå regionen fortel
Onsdag 23. feb. kl 14:
Eksotisk dans av Tango Polar akkompangiert av “ Tango for to”
Torsdag 24. feb. kl 14:
”I går - jente, i morgon - kvinne”Visuall antropologi film frå Bolivia av Ingeborg Solvang
Fredag 25. feb. kl 14:
Capoeira
|