|
Tilhører Sst-møte
Sst 03/05
Orientering fra
INTERNASJONALT ANSVARLIG, Åsne Refsdal
Politisk tema for SAIH
12-13. mars arrangerte SAIH vårseminar om årets politiske tema ” Urfolkskvinner i Bolivia”. SAIH Tromsø har fått ei stor oppgåve i samband med denne veka, som skal vare frå 11-15. april. SAIH Tromsø får besøk av Ole Henrik Magga, Terarsa Kanaviri (vise minister for kvinnespørsmål i Bolivia) og Margarita Antonio (leiar for journalist utdanninga ved Uraccan-Universitetet i Nicaragua). Det skal arrangerast politisk temamøte på Driv den 14. april og det vil vere utstilling i nye bodegaen og andre arrangement der. Dette vert kjempespennande og eg håper styret vil møte opp på dei ulike arrangementa. Følg med, følg med….
Nordlkallott konferanse 11. juni i Rovaniemi
Eg har vore på møte med leiaren for ”Youth North Callotte Conferance” som vert arrangert 10-12. juni i Rovanjemi i Finland. Dette er eit høve for å auke aktiviteten mellom dei nordlege delane av området me bur i. Det vil vere svenske, finske, norske og russisk deltakarar. Det vert fokus på jobb, utdanning og næringsliv. Vedlagt ligg programmet for konferansen. Ta ein titt og sei om nokon av dykk er interessert, så er eg veldig interessert i å få nokon frå styret til å dra.
46664 Arctic
Saman med SAIH, MSO, ISU og Amnesty skal studentstyret vere med på hiv/aids kampanje i Tromsø i samband med Mandela konserten den 11. juni. Me skal ha myldremøte på torsdag den 31. mars og det er håp om at det skal komme fram konkrete idear for kva me kan gjere for å få studentar engasjert i denne viktige problemstillinga. Dagleg leiar for 46664 Arctic her i Tromsø, Magne Amundsen, kjem på møte og skal orientere oss om kva som skjer. Eg oppfordrar studentstyret å delta på dette møte, spesielt dei som sit i internasjonal komité.
|