|
Tilhører Sst-møte
Sst 05/04
Orientering fra
Internasjonalt ansvarlig
Ein liten oppsummering frå Internasjonalt ansvarleg for det siste halve året. Ta kontakt med meg, om det er nokre spørsmål eller kommentarar. asr026@student.uit.no
Introduksjonsveke for nye internasjonale studentar - januar
Det vart arrangert 3 mottaksdagar i løpet av januar og februar for å ta imot dei nye internasjonale studentane ved UiT. Dette vart gjort i samarbeid med SIV, Sosialtenesta og ISU. NSU og ISU informerte om studentdemokratiet generelt i Noreg og ved UiT. Me innleia også om student aktivitetar og sosiale foreningar ein kan vere med i. Me arrangerte sosial kveld saman med norsk og internasjonale studentar og hadde omvisning i byen og på campus.
Studentane sin fredspris, Veke 8
Studentane sin fredspris gjekk i år til ACEU, som er den største studentorgainsjonen i Colombia. Saman med SAIH, ISU, Studentnettverk for fred og Amnesty Student Gruppa arrangerete me Latin-Amerikansk veke i Nye Bodegaen. Det var mange ulike kulturarrangement, med veldig godt oppmøte.
Kaffiaksjonen var også ein del av denne ISFiT og studentane sin fredspris. Kaffiaksjoen fekk inn 2725 kroner som Samskipnaden dobla slik at det vart 5440 kroner.
46664 Arctic
Oppretta ei arbeidsgruppe for å jobbe aktivt med HIV/AIDS kampanjen. Den besto av medlemmer frå SAIH, ISU, med.hum, Amnesty, Studenttinget og Studentstyret. Det skal arrangeres studentdag på driv tysdag 7. juni og me prøver å få arrangert noko under paneldebatten på universitetet på søndag 12.06.
Arbeid med utveksling
Har vore på møte med SIV om utreise kafeen. Den fungerer ikkje optimalt, så det vil bli prøvd å gjere nokon endringar for neste semester. Eg har også vore på møte med alle utvekslingsansvarlege ved dei ulike fakulteta.
Til hausten er det 57 utreisande studentar. Tilsaman har UiT 223 utvekslingsavtaler, kor 132 er Erasmusavtaler.
Kvoteordninga
SIU kom med nye retningslinjer for opptak av kvotestudentar. Dette vart veldig uheldig for Indigious Studies og Peace Studies. AU stilte seg bak kravet frå CPS og IS om å få unntak frå desse reglane. Resultatat vart at dei fekk utsatt SIU sine opptaksreglar med 1 år.
Valet
Satt urnevakt og laga valplakat på engelsk. I tillegg fekk me alle listene til å lage informajon på engelsk.
SAIH
Var på vårsamlinga til SAIH i mars og var med å arrangere politisk temaveke ”Urfolkskvinner i Bolivia”. Det vart arrangert Internasjonalt Seminar på driv med Teresa Canaviri som er visekvinneminister i Bolivia, Margarita Antonio som er leiar for journalist utdanninga ved URACCAN Universitetet i Nicaragua, Inger Anne Pulk frå SSSR og Ole Henrik Magga.
I tillegg var det filmvisning, Hugins Report v/ISU og utstilling av Walter Avendano.
Amnesty International
Amnesty gruppa ved UiT har vokst og har 2 arbeidsgrupper som arbeider med Russland og dødsstraff. Dei har hatt fleire aksjonar i samband med Uka´05 og har regelmessige møter. Dei er aktivt med i 46664 arrangement planlegging og har vore med på Studentane sin fredspris arrangement.
ISU
Vært med å arrangert General Assembly i februar og ein ekstraordinær GA i mai for å vedta ein ny konstitusjon. Har jobba aktivt med dei i heile perioden, i styret, bistått med arrangement av fester, møter og liknande.
NSU Nasjonalt
Deltok på Vinterkonferansen til NSU i februar og som delegat på Landstinget. Har ikkje fått deltatt på nokon IK møter (pr. dags dato).
Semut
Har i løpet av året vore styremedlem i SEMUT og vore med i strategi fordelings komiteen.
Center for Peace Studies
Har i løpet av året vore styremedlem i CPS. Sitter ”The working group on the CPS’ strategy for internationalisation”.
|