|
Litteratursamlinga
Boksamlinga i lingvistikk er plassert i 3.etasje og er klassifisert og oppstilt etter UDK-systemet (Universal Decimal Classification)
800 Språk 801 Lingvistikk
Dersom du skal ha bøker om f.eks. syntaks, kan du gå rett til bokhylla og sjå etter bøker som er merkte 801.56, eller du kan søkja i BIBSYS Ask. Etter kvart får vi stadig fleire e-bøker. Desse finn du ved å søkja i BIBSYS Ask og avgrensa på materialtype E-bøker.
Ei bok som er utlånt eller ikkje finst på vårt bibliotek, kan du reservera/bestilla ved å bruka bestillingsfunksjonen i BIBSYS Ask. Du kan sjølv fornya låna dine ved å bruka funksjonen Min side.
Oppslagsverk finst både i papirutgåve og i elektronisk form. Trykte oppslagsverk er plasserte i 1. etasje.
801(01) Bibliografiar
801(03) Ordbøker og andre oppslagsverk
Dei elektroniske oppslagsverka finn du i bibliotekportalen Ofela, eller ved å søkja i BIBSYS Ask.
Tidsskrifta er oppstilte i 2. etasje. Eldre tidsskrift står i magasinet i underetasjen; spør i skranken etter desse. Tidsskrifta står oppstilte alfabetisk etter tittel og ikkje etter fag. Etter 2000 er dei fleste tidsskrifta tilgjengelege i elektronisk form, og nokre tidsskrift finst i nettversjon frå og med første utgåve. Du kan finna ut kva for tidsskrift biblioteket abonnerer på ved å slå opp i BIBSYS Ask, som også gir deg direkte tilgang til nettversjonen. Dei elektroniske tidsskrifta får du også tilgang til via Ofela. Papirtidsskrifta er til utlån, bortsett frå siste årgang.
|