|
EndNote
Ved hjelp av programvara EndNote kan du laga din eigen database, der du samlar alle referansane dine. Referansane kan du leggja inn for hand, eller du kan henta dei frå elektroniske databasar. Databasen din i EndNote kan du bruka til å organisera referansane og laga riktig formaterte litteraturlister i for eksempel Worddokument.
EndNote er eit verktøy som integrerer fleire arbeidsoppgåver i eitt og same programmet. Mens du skriv ein tekst i Word, kan du henta referansar frå databasen din ved hjelp av ei EndNote verktøylinje i Word. Du bestemmer sjølv om du vil ha fotnotestil eller sitering i teksten, og EndNote lagar automatisk ei litteraturliste i den stilen du ønskjer. På den måten sparer du mange timars arbeid med å finpussa litteraturlista di.
Les meir om EndNote (info på engelsk frå Thomson) og EndNote (info på norsk frå AlfaSoft).
Du kan lasta ned programvara her.
|