|
Overskrift
Tilkoplingsfiler
NB! Denne tenesta er bare tilgjengelig for tilsette og studentar ved Universitetet i Tromsø.
Når du importerer referansar frå ein ekstern database via EndNote (Online search-funksjonen), bruker EndNote såkalla tilkoplingsfiler (connection files) for å laga samband mellom EndNote og den eksterne databasen. Det finst mange slike tilkoplingsfiler som følgjer med programmet.
Men du kan ikkje bruka alle tilkoplingsfiler utan vidare. For mange fagdatabasar krevst det brukarnamn og passord fordi ein må ha abonnement for å få tilgang. UB abonnerer på mange fagdatabasar. Vanlegvis, når du er på nettet, får du tilgang via IP-godkjenning. I og med at EndNote ikkje er online, må tilkoplingsfilene til desse databasane setjast opp på ein spesiell måte.
Lista nedfor inneheld tilkoplingsfiler til databasar der ein treng abonnement for å få tilgang. Desse tilkoplingsfilene finst i EndNote frå før, men utan dei rette opplysningane for brukare ved UiT. Tilkoplingsfilene i lista nedfor her er satt opp på rett måte, slik at du kan ta dei i bruk utan å gjera noko med dei.
Unntak på lista er BIBSYS. Dette er sjølvsagt ikkje ein database ein må betala for. Men den tilkoplingsfila som er lagt ut her, har betre kvalitet enn den som følgjer med EndNote-programmet, dvs at informasjonen i referansane blir lagt på rett plass i EndNote.
For at du skal kunna bruka desse tilkoplingsfilene, må du lasta dei ned til din maskin. Vel dei databasane frå lista nedfor som du kjem til å ha bruk for, og klikk på lenka til høgre i lista for kvar tilkoplingsfil du ønskjer å lasta ned. Då får du valet om du vil lagra eller opna denne tilkoplingsfila. Vel lagra. Det er viktig at du lagrar fila i mappa |EndNote X1|Connections. Du finn ho vanlegvis under C:|Programfiler.
Etter at du har lagra desse tilkoplingsfilene, kan du opna EndNote og bruka Online search for å laga samband til desse databasane og importere referansar frå dei.
Tilbake til toppen
|