|
Som før er EndNote eit godt verktøy til å halda orden på litteraturreferansane dine og til å bruka ved sitering i ein tekst skrive i Word.
Den største nyheita er noko ein kallar for Groups eller grupper på norsk. Ei gruppe er ei samling referansar tatt frå EndNote-databasen din. Det blir som ein database i databasen. Ein kan enkelt dra referansar frå hovuddatabasen til ei gruppe. Slik kan ein til dømes samla referansar om eit emne i ei gruppe. Det er plass til 50 referansar per gruppe og 500 grupper per database. Sjå brukarrettleiinga for meir informasjon om grupper.
Eit felt for hurtigsøk er komme på plass i verktøylinja i databasevindauget. I dette feltet kan du søkja kjapt både i hovuddatabasen og i gruppene. Du vil også finna hurtigsøkfelt i Online search og Style manager.
Når det gjeld feltvising i databasevindauget, er det no mogleg å visa åtte felt (mot fem før). Dessutan kan ein velja å ta med alle forfattarnamn i kortvisinga av referansane i databasevindauget.
Det som før blei kalla Connect, har no skifta namn til Online search. Men funksjonen er elles den same. Det er nokre mindre endringar i feltnamna i referansevindauget, til dømes er Link to PDF blitt til File Attachements i og med at ein kan knytta same kva dokument til referansen. I tillegg er det komme nokre nye felt.
Bruker du Word 2007, vil du sjå at det finst eit eige flagg for EndNote X1 der. Gjennom flagget er Cite While Your Write-funksjonane lett tilgjengelege.
Hittil har vi ikkje oppdaga eller hørt om nokre bugs i programmet, så vi vonar at de vil kunna bruka EndNote X1 utan problem.
|