Oddstipping
Det skal visstnok finnast folk som lever av oddstipping. Bortsett frå bookmakerane trur eg ikkje dei er så mange. Den tida eg har drivi med denne sporten har eg eksperimentert ein god del, både med flat tipping og ulike variantar av progressive innsatssystem: Martingale, Pyramide, Fibonacci. Mitt råd er: ligg unna desse speleformene. Det kan gå bra ei stund, men til slutt vil ei lang tapsrekke føre til konkurs. Og dette gjeld uansett kor liten startinnsatsen er. Når innsatsane først begynner å bli store aukar dei dramatisk frå runde til runde. For tida eksperimenterer eg med flat tipping på singelkampar. Eg har konto hos alle dei 5 bookmakerane nedanfor, men brukar ikkje lenger andre enn Centrebet.
|
|