Menyoversikt Tilgjengelighet
NTNU
Startside Studier Forskning Næringsliv og nyskapning Student i Trondheim Etter- og videreutdanning Om NTNU Aktuelt

Forsking
Humanistisk forsking handlar om menneske og menneske sin refleksjon over seg sjølv, sitt forhold til andre og verda. Grunnleggjande mål vil her vere å utvikle vår fortolking av språk og ytringsformer i fortid og notid, og å utvikle vår fortolking av menneskeleg kultur, samhandling og åtferd. Kva er vakkert? Kva er godt? Kva meining har vår eksistens?


Alle sider av menneske sine liv blir gjort til gjenstand for humanistisk forsking, både språk, symboldanning, førestillingsverder, kunstneriske uttrykk, samfunnsmessige institusjonar, religion, teknologi og vitskap. Humanistisk forsking gjer med det òg andre vitskapar til gjenstand for forsking og gir et breiare perspektiv ved å fortolke og sette dei inn i deira kulturelle og historiske kontekstar.

Det historisk-filosofiske fakultetet er vertsfakultet for eitt av NTNU sine 6 satsingsområde: Globalisering. Bruk lenkjene til høgre for å finne meir informasjon om globaliseringsprogrammet.


Globalisering



Globalisering er det sjette og foreløpig siste tematiske satsingsområdet ved NTNU. Det historisk-filosofiske fakultetet er vertsfakultet for dette satsingsområdet. Fokusområda for forskinga innanfor globaliseringsprogrammet er Produksjonssystem i ei globalisert verd og Globaliseringas kulturelle og sosiale uttrykk.

Les meir på nettsidene til globaliseringsprogrammet.