Document Actions

2007-06-27 Arkivkartlegginga er avslutta

Rapporten frå arkivkartlegginga vart sendt over til Kultur- og kyrkjedepartementet i dag.

Arkivkartlegginga er avslutta

Forsida av ABM-skrift #40

 

Kartlegginga er utført som eit samarbeid mellom fylkeskommunane og ABM-utvikling, og er gjennomført ved hjelp av prosjektmedarbeidarar i alle fylka. Det er ei brei kartlegging som er gjort. Samla er det registrert opplysningar om 822 institusjonar landet over som alle har teke i mot arkiv for bevaring.

Målet med denne rapporten er å presentere data om forvaltning og formidling av arkivmateriale og tradisjonsmateriale av lokalt og regionalt opphav. Rapporten skal gi ein oversikt over

  • Korleis bevaringsinstitusjonane er organisert og kva slags rutinar dei har for arbeidet med arkiv.

  • Kva slags typar arkivmateriale desse institusjonane har

  • Kva slags samfunnsfunksjonar og geografiske områder materialet dokumenterer

  • Bevarings- og formidlingssituasjonen for materialet.

ABM-utvikling vil foreslå at det tas initiativ til å utgreie utfordringar, utviklingsveger, verkemiddel og tiltak i arbeidet med samfunnets arkiv.

ABM-skrift #40: Til kildene! – Kartlegging av regionale og lokale arkiver