16.10.2007 Søknadsfristen er gått ut
Ved midnatt gjekk årets frist for å søkje på prosjektmidlar hos ABM-utvikling ut.
Den første oversikta syner at det har komme inn om lag 300 søknader. Det er 16-18 % oppgang frå fjorårets søkjerunde, og det er vi godt nøgd med, seier fungerande informasjonsdirektør Harald Skeie.
Så snart vi får ei oversikt over alle søknadene vil dei bli fordelt på sakshandsamarane. Skeie opplyser om at alle søknadene vil vere ferdig handsama i månadsskiftet januar/februar 2008.
ABM-utvikling takkar alle som har sendt inn søknad og ønskjer alle velkommen tilbake til neste års søknadsrunde.