Document Actions

2007-07-12 Statistikk for 2006

Auka besøk i museum og nedgang i utlån av bøker i biblioteka.

Statistikk for 2006

Forside på ABM-skrift #41: Statistikk for bibliotek og museum 2006

Statistikkpublikasjonen for 2006 omfattar museum, folke- og fagbibliotek samt bibliotek i vidaregåande skuler. Innsamling og vidare bearbeiding av statistikken har som tidlegare år vore eit samarbeidsprosjekt mellom ABM-utvikling, Statistisk sentralbyrå og institusjonane som sender inn statistikk. Ved hjelp av tabellar forsøker vi å stilla saman eit representativt bilete av bestand, aktivitet, besøk, årsverk og økonomi i dei institusjonane som har registrert statistikk.

Museum

Museumsbesøket var i 2006 på 9,33 millionar. Dette er ei auke på ca 3 % frå 2005, og syner at museumsreforma gir resultat.

Folkebibliotek

Det har vore ein sterk nedgang i midlar til kjøp av medium gjennom dei siste ti åra, men for første gang ser det ut til at nedgangen har stoppa og beløpet låg i 2006 på kr 29,96 pr innbyggjar.

For første gang syner statistikken ei nedgang i utlån av alle medium unnateke lydbøker. Størst er nedgangen på 8, 8 % for utlån av fagbøker på vaksne. Det er og ein mindre nedgang i besøket frå 5,1 besøk pr. innbyggjar i 2005 til 4,8 i 2006.

Fag- og forskingsbibliotek

Utlånsveksten frå 1997 til 2006 er på 13,8 %. Det totale utlånet dekkjer lokale lån, kopiar som erstatning for lån og fjernlån. Sidan 1997 har tilgangen på elektroniske ressursar auka kraftig og ein kan sjå at utlånet av dei fysiske samlingane har flata ut på landsbasis med ein liten nedgang i det siste året. Tal på titlar på elektroniske periodika var ved utgangen av 2006 338.671, og dette er ei auke på ca 30 % frå året før.


Statistikk for bibliotek og museum 2006 [PDF 2MB]