Personaltenester og velferdstilbod |
(English) |
Universitetet i Oslo har ei rad ulike personaltenester og velferdstilbod. Sjå også brosjyren "Velkommen til UiO"
Universitetet eig ein barnehage med 63 plassar og disponerer i tillegg plassar i Blindern barnestuer og i SiO sine barnehagar.
Søknadsfrist til opptaket er 15. mars. Alle som er tilsatt i minst 3/4 stilling ved universitetet og treng barnehageplass, kan søkje.
Søknadsskjema. Skjemaet kan også fås fra Organisasjons- og personalavdelinga eller i barnehagen hvis ikke lenken fungerer. Telefonnummeret til barnehagen er 22 85 62 25.
Universitetet har reserverte parkeringsplassar for dei tilsette, men du må få særskilt løyve for å bruke dei.
Nærmere informasjon om parkeringsbestemmelsene og søknadsskjema for parkeringsløyve finnes på Teknisk avdelings informasjonssider.
Alle tilsette ved Universitetet i Oslo skal ha eit ID-kort med bilete, som også fungerer som nøkkelkort. Kortet skal visast fram ved kontroll når du er i ein av universitetsbygningane. Tilgangsrettane vert lagde inn på kortet av Teknisk avdelings Vakt- og alarmsentral på grunnlag av bestilling frå kvar enkelt eining. Mer informasjon om hvordan man får kort finnes her.
I tillegg til magnetstripa for tilgangskontroll har kortet også ein strekkode som du kan bruke når du skal låne bøker på Universitetsbiblioteket. Korta blir produserte av Studentsamskipnaden i Oslo, på Kortsenteret i bokhandelen Akademika på Blindern, der du møter opp for å bli fotografert.
Mister du kortet ditt, må du med ein gong ringje til Vakt- og alarmsentralen, tlf. 22 85 50 07, for å få sperra kortet. Der kan du også få laga nytt kort.
Tilsette kan søkje om velferdslån, som er eit rentefritt forskot på opptil to månaders brutto løn. Lånet blir gitt etter nærare spesifiserte reglar.
Fleire opplysningar får du frå Organisasjons- og personalavdelinga, tlf. 22854192 eller 22856238.
Som statstilsette har personalet ved universitetet dessutan høve til å søkje om lån og refinansiering til bustadføremål i Statens Pensjonskasse.
Tilsette i statsteneste kan gjennom arbeidsgivaren få kredittkort til bruk ved tenestereiser, kombinert med privatbruk. Staten har gjort rammeavtalar om kredittkorttenester med desse selskapa:
Ved UiO vert denne ordninga administrert av Innkjøpsseksjonen. Adresse: Postboks 1087 Blindern. Tlf.: 22 85 63 97 E-post: innkjop@admin.uio.no
Personalopplæringa skal gi medarbeidarane høve til å utvikle seg i det arbeidet kvar enkelt utfører og slik styrkje universitetets generelle kompetanse.
Nettportal for opplæring ved UiO. Opplæringsverksemda har eigne nettsider.
Nærare opplysningar om kurstilboda kan du få ved å vende deg til opplæringsleiaren i Organisasjons- personalavdelinga, tlf. 22 85 62 60.
Velferdsmidlane til dei tilsette ved Universitetet i Oslo vert forvalta av Velferdsutvalet, som er sett saman av representantar frå tenestemannsorganisasjonane og universitetsleiinga.
Velferdsutvalet har eit variert tilbod av kulturelle og sosiale aktivitetar, mellom anna besøk på teater, utstillingar, konsertar, ulike turar, reiser og større festar.
Organisasjons- og personalavdelinga er sekretariat for Velferdsutvalet.
"Feriestiftelsen" har som føremål å drive feriestad for tilsette ved Universitetet i Oslo. Stiftinga vert driven med midlar frå utleige og tilskot frå Velferdsutvalet.
Feriestaden "Furufjell" på Hvaler står til disposisjon for tilsette heile året. Søknad sender du til styret for stiftinga. Søknadsfristar og prisar vert kunngjorde i internavisa Uniforum.
Bedriftsidrettslaget ved Universitetet i Oslo arrangerer aktivitetar i ei rekkje idrettsgreiner og dessutan ulike trimtiltak.
Det er grupper i badminton, bordtennis, bowling, bridge, fotball, friidrett, hockey, handball, skyting, sykkel og volleyball.
Alle tilsette, og på visse vilkår ektemakar/følgje, kan bli medlemmer.
Bedriftsidrettslaget gir i starten av kvart semester ut eit eige hefte med trim- og treningstilbod. Det blir sendt til alle tilsette.
Bedriftsidrettslaget si adresse er postboks 1090 Blindern, e-post: uiobil-styret@uio.no.
Helsetenesta ved Universitetet i Oslo kan nyttast av tilsette og du betaler vanleg eigendel. Helsetenesta ligg i andre etasje i Lågblokka ved sida av Administrasjonsbygningen på Blindern. Tlf. 22 85 31 60.
Helse-, miljø- og sikringsarbeidet er eit linjeansvar. HMS-seksjonen si hovudoppgåve er å gi faghjelp til leiarar, verneombod og andre tilsette for å skape eit betre arbeidsmiljø. Det skjer ved at kvar enkelt arbeidsstad kartlegg og vurderer helse-, miljø- og sikringsforhold systematisk ut frå ein handlingsplan. Arbeidsmiljøspørsmål av meir omfattande eller generell karakter blir tekne opp til drøfting i arbeidsmiljøutval lokalt eller sentralt.
Seksjonen har eit systemansvar som går ut på å koordinere arbeidet med helse, miljø og sikring. I hovudsak går det ut på å sikre at det vert etablert, sett i verk og halde ved like system og rapportert om korleis systema verkar.
HMS-seksjonen hjelper med å kartleggje og vurdere ulike HMS-forhold:
Tilsette som ønskjer å ta opp HMS-relaterte saker, kan kontakte seksjonen.
HMS-seksjonen er knytt til organisasjons- og personalavdelinga. Besøksadressa er Sognsveien 70, 6.etg., postadressa: Postboks 1060 Blindern. Tlf. 22 85 88 95.
Les videre i brosjyren "Velkommen til UiO"