EU-utvidinga (nynorsk)

På denne sida finn du informasjon om reglane for arbeidstakarar frå dei nye EU-landa.

Innhald:

Den 1. mai 2004 vart Polen, Estland, Latvia, Litauen, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia, Ungarn, Kypros og Malta medlemmer av EU. Som EU-borgarar har innbyggjarane i desse landa utvida høve til å ta arbeid i Noreg. For å motverke sosial dumping vart det vedteke overgangsreglar for arbeidssøkjarar frå alle dei nye medlemslanda unnateke Malta og Kypros.

Kva meiner vi med sosial dumping?

Med sosial dumping meiner vi særleg at utanlandske arbeidstakarar som utfører arbeid i Noreg, får vesentleg dårlegare lønns- og arbeidsvilkår enn norske arbeidstakarar.

Omgrepet er altså ikkje avgrensa til spørsmål om lågare lønn for same type arbeid. Det er òg sosial dumping dersom utanlandske arbeidstakarar får vesentleg dårlegare arbeidsvilkår elles, for eksempel i form av belastande arbeidstidsordningar, manglande tryggingsopplæring, dårleg sikring av tryggleiken til arbeidstakarane under arbeidet m.m. Desse forholda er svært viktige for helsa til arbeidstakarane og kan gje større risiko for ulykker.

Overgangsreglar

Overgangsreglane inneber blant anna at opphaldsløyve som arbeidstakar berre blir innvilga dersom søkjaren har fått tilbod om arbeid der lønns- og arbeidsvilkåra ikkje er dårlegare enn etter gjeldande tariffavtale, regulativ eller det som elles er normalt for vedkommande stad og yrke. Desse overgangsreglane blir forvalta av politiet og Utlendingsdirektoratet (UDI).

Kravet om opphaldsløyve gjeld berre for dei som søkjer arbeid i Noreg etter eige initiativ. Overgangsreglane gjeld ikkje for arbeidstakarar tilsette i eit utanlandsk firma som blir sende til Noreg for å arbeide i samband med tenesteyting (utsende arbeidstakarar).

Reglar om arbeidsmiljø og kontraktsvern

Det er ingen overgangsreglar i Arbeidstilsynets regelverk i samband med EU-utvidinga, og i utgangspunktet gjeld arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter for alle arbeidsforhold i Noreg. Men det er nokre forskjellar ut frå om arbeidstakaren har komme til Noreg for å ta arbeid på eige initativ, eller om vedkommande er tilsett i eit utanlandsk firma og er send hit av arbeidsgjevaren sin for å yte tenester (utsende arbeidstakarar).

Følgjande eksempel viser kva for nokre reglar som gjeld for ulike situasjonar der utanlandske arbeidstakarar arbeider i Noreg:

  1. Eit norsk føretak inngår avtale med eit utanlandsk føretak (underentreprise), og arbeidstakarar i det utanlandske firmaet blir sende til Noreg for å utføre oppdraget
    Her gjeld reglane for utsende arbeidstakarar. Det vil seie at dei offentlegrettslege reglane i arbeidsmiljølova, inklusive reglane om arbeidstid, tryggingsreglar osv., gjeld. Noreg har ikkje lovfesta reglar om minstelønn. Det vil seie at dei kan setjast til arbeid på det lønnsnivået som gjeld i landet dei er utsende frå, dersom dei ikje er omfatta av allmenngjorde tariffavtalen.

    Det utanlandske selskapet har arbeidsgjevaransvaret for sine tilsette, medrekna for helsa og tryggleiken deira. Men den norske verksemda har ansvar for å samordne verne- og miljøarbeidet til dei ulike verksemdene som hovudbedrift etter arbeidsmiljølova og Internkontrollforskrifta. Dersom dei utanlandske arbeidstakarane ikkje er omfatta av noko verne- og miljøarbeid frå arbeidsgjevaren sin, skal dei vere omfatta av verne- og miljøarbeidet til den norske hovudbedrifta. Dette gjeld generelt, men er særleg praktisk ved underentreprise innan bygg- og anleggsbransjen.

  2. Eit norsk føretak leiger inn vikarar frå eit utanlandsk vikarbyrå
    Også i dette tilfellet er det reglane for utsende arbeidstakarar som gjeld (sjå ovanfor). Men vikarene går inn i staben til bedrifta som har leigd dei inn, og vikarene er dermed omfatta av verne- og miljøarbeidet m.m. i denne bedrifta.

  3. Arbeidstakarar i eit utanlandsk selskap blir sende til eit selskap i Noreg som tilhøyrer same konsern.
    Reglane for utsende arbeidstakarar gjeld også her (sjå ovanfor).

  4. Ein norsk privatperson kjøper ei teneste frå eit utanlansk føretak
    Reglane for utsende arbeidstakarar gjeld (sjå ovanfor).

    Ein privatperson som kjøper ei teneste (for eksempel ved bygging av hus eller hytte), vil ikkje bli rekna som arbeidsgjevar og får heller ikkje noko arbeidsgjevaransvar. Derimot får ein privatperson ansvar som byggherre, noko som inneber ansvar for å kartleggje faremoment og vurdere risiko o.l. under arbeidet. Arbeidstilsynet har ikkje heimel til å straffe privatpersonar for brot på byggherreforskrifta, men kan gje pålegg om at krava i forskrifta skal oppfyllast.

  5. Ein norsk privatperson eller eit norsk føretak kjøper ei teneste av ein utanlandsk privatperson som sel tenester gjennom enkeltmannsføretaket sitt (utan tilsette)
    Dette fell utanfor både utsendingsdirektivet, arbeidsrettsleg lovgjeving og overgangsreglane etter utlendingslova, fordi vedkommande er sjølvstendig næringsdrivande

  6. Ein utanlandsk borgar frå eit av dei nye EU-landa tek arbeid i Noreg på eige initiativ
    Desse, og berre desse, er omfatta av overgangsreglane i utlendingslova, noko som inneber at dei berre får arbeidsløyve dersom dei har fått tilbod om jobb på alminnelege lønns- og arbeidsvilkår. Desse arbeidstakarane er sjølvsagt omfatta av det arbeidsrettslege regelverket som regulerer alle arbeidsforhold i Noreg.

Informasjonstiltak

Arbeidstilsynet har starta arbeidet med å gjere aktuelt materiale tilgjengeleg på fleire språk - blant anna dei baltiske språka og polsk. Dette gjeld for eksempel mal for arbeidsavtalar og informasjon om dei viktigaste reglane i arbeidsmiljølova:

  • Standard arbeidsavtale
    Finst no på norsk, engelsk, estisk, latvisk, litauisk, polsk og russisk.
  • Arbeidsmiljøloven og ferieloven - også for deg som ikke er norsk
    (Tatt ut for revisjon på grunn av ny arbeidsmiljølov 1. januar 2006)
  • Arbeidsmiljøloven for alle
    Finst no på norsk/nynorsk, engelsk, estisk, latvisk, litauisk og polsk
  • Helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet
    Finst på albansk, arabisk, engelsk, estisk, filippinsk, latvisk, litauisk, norsk, polsk, russisk, somali, tamil, thai, urdu og vietnamesisk.

Ein del forskrifter og anna materiale er dessutan tilgjengelege på engelsk.

Informasjon i dei nye EU-landa

Fleire av ambassadane til Noreg i dei nye landa har oppretta eigne "noregsportalar" der dei legg ut relevant informasjon:

Utlendingsdirektoratet (UDI)

Utlendingsdirektoratet (UDI) har koordinert eit informasjonsarbeid der både Arbeidstilsynet, Kommunal- og regionaldepartementet, Politiet, Aetat, Skatteetaten og Rikstrygdeverket deltek. Relevant informasjon er samla på eigne sidar hos UDI og i den portalen Ny i Norge:

Rolla til Arbeidstilsynet

EU-utvidinga ført til at det kjem fleire arbeidssøkjarar frå dei nye medlemslanda. Det inngår i det ordinære arbeidet og i myndigheita til Arbeidstilsynet å føre tilsyn med arbeidsmiljøet til desse arbeidssøkjarane.

For å motverke sosial dumping arbeider Arbeidstilsynet med informasjonstiltak for å få ei bevisstgjering om regelverket og rettane til arbeidstakarane (sjå ovanfor). Det er òg gjort eit utval av bransjar som vil prioriterast ved tilsyn, nemleg bygg og anlegg (medrekna hyttebygging), landbruk, restaurantnæringa, reinhald og transport. Dette er bransjar der vi forventar størst arbeidsinnvandring, og der faren for sosial dumping dermed òg er størst.

Arbeidstilsynet òg skal føre tilsyn med at reglane i allmengjorde tariffavtalar og vilkåra for arbeids- og opphaldsløyvet blir følgde i verksemdene.

EUropean Employment Services - EURES

Den som ønskjer å søkje arbeid i eit land innanfor EØS-området, kan nytte seg av det såkalla EURES-nettverket. Nettverket består av 450 konsulentar i EU og EØS som kan hjelpe med informasjon om arbeidsmarknaden, ledige stillingar og generell informasjon om dei ulike landa.

I Noreg finst det slike konsulentar ved arbeidsformidlingane i Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø.


søk

Faktaside om beslektet tema

På bokmål

Relevant på web

(udi.no)

(udi.no)

Faktaark frå UDI, fleire språk

(ec.europa.eu)

European employment services

(regjeringen.no)

AID om nemnda