Løysemiddel (nynorsk)

Løysemiddel er stoff som løyser opp andre stoff og fordampar. Dei blir nytta i dei fleste bransjane. Vi reknar med at rundt 200 000 arbeidstakarar er i kontakt med løysemiddel dagleg. Dei fleste er ikkje klare over risikoen.

På denne sida finn du svar på vanlege spørsmål om helsefare i samband med løysemiddel. Sida byggjer på brosjyren "Løysemiddelskadar kan ikkje lækjast. Berre unngåast."

Innleiing

Løysemiddel blir nytta i dei fleste bransjar. Vi reknar i dag med at rundt 200 000 arbeidstakarar er i dagleg kontakt med løysemiddel. Det vil i praksis seie kvar tiande arbeidstakar. I år 2000 blei 108 tilfelle av mogleg skade melde til Rikstrygdeverket, av dei vart 77 godkjende som løysemiddelskadar. Desse fekk erstatning for hjerneskade. Talet på skadar viser at åtvaringane mot løysemidla ikkje blir tekne alvorleg nok.

Det er evna til å løyse opp andre stoff og den raske fordampinga som gjer løysemidla så nyttige og så farlege. Løysemiddel som fordampar, forureinar lufta vi pustar inn, og blir transporterte vidare frå lungene til blodet. Gjennom blodet blir løysemidla transporterte til viktige organ i kroppen, særleg hjernen og nervesystemet, der dei kan gjere stor skade.

Ofte opptrer dei same løysemidla under ulike produktnamn og i forskjellige former. At løysemiddel finst i spray, lim, lakk, måling, lynol, tynnar og andre reinsemiddel, er velkjent. Men løysemiddel inngår òg i tusenvis av andre ferdigprodukt, produkt som blir brukte praktisk talt overalt.

Det finst inga uttømmande oversikt over bransjar som nyttar seg av farlege løysemiddel. Løysemidla finst i dei fleste bransjar, ikkje berre dei som tradisjonelt blir oppfatta som typiske løysemiddelbransjar. Typiske bruksområde er f.eks. reinsing, avfeitting, målingsarbeid, lakkering av alle slag, reingjering, trykk, fortynning, liming, impregnering, destillasjon, alle moglege former for produksjon osv.

Bruker ikkje du løysemiddel i arbeidet ditt, kan ein eller fleire av kollegaene dine gjere det. Det må de kartleggje, slik at de kan gå til nødvendige mottiltak. Det er ikkje sikkert at den som sjølv bruker løysemiddel i arbeidet sitt, er klar over problemet eller tek det opp. Nedst på denne sida finst ei alfabetisk oversikt over dei vanlegaste løysemidla. Sjekk denne oversikta dersom du er usikker på om du arbeider med løysemiddel.

Slik blir løysemidla tekne opp i kroppen din

Dei fleste løysemiddelskadane oppstår i kroppen som følgje av at vi pustar inn luft som er forureina av løysemiddeldamp. Enkelte løysemiddel trengjer inn i kroppen gjennom cellene i huda til blodomløpet. Gjennom blodet kan løysemidla lagre seg i feittvev og skade viktige organ som hjernen. Løysemidla kan òg føre til skade på hud og slimhinner.

Innånding

Når du pustar inn luft som er forureina av løysemiddel, går løysemidla gjennom lungene til blodet. Saman med blodet blir løysemidla transporterte til viktige organ og feittvev. Her blir stoffa lagra i lengre eller kortare tid.

Mengda løysemiddel som blir teken opp gjennom lungene, er delvis avhengig av kor mykje løysemiddel du pustar inn. Arbeider du hardt, pustar du mykje inn og ut med den følgja at meir løysemiddel blir teke opp gjennom lungene, og opptaket til blodet blir tilsvarande høgt.

Mengda av løysemiddel som blir teken opp i blodet, er først og fremst avhengig av kor lett løysemidla blandar seg med blod. Det varierer frå løysemiddel til løysemiddel.

Enkelte organ tek lettare opp løysemiddel enn andre. Feittvev tek til seg mykje. I feittvevet kan løysemidla lagrast ganske lenge og blir berre sakte sleppte tilbake til blodet att. Restar av løysemiddel er funne i feittvev opp til to veker etter at dei vart tekne opp. Det inneber at løysemiddel kan vere i kroppen og gje skadar lenge etter at den ytre løysemiddelpåverknaden er borte.

Opptak gjennom huda

Opptak av løysemiddel kan òg skje direkte gjennom huda. Rift og sår aukar opptaket. Cellosolver (glykoletre), isopropanol, metanol og xylen er eksempel på stoff som kan trengje inn i kroppen gjennom huda.

Om korleis løysemidla skader kroppen

Dei alvorlegste skadane som følgje av løysemiddelbruk kjem snikjande og utviklar seg over lang tid, gjerne over fleire år. At skadane utviklar seg så sakte, gjer det vanskeleg å oppdage dei. Derfor er det så viktig at du reagerer ved første teikn til skade/symptom. Av dei registrerte tilfella av løysemiddelskadar er det skadar på hjernen som utgjer fleirtalet. Dette er òg dei alvorlegaste skadane; ikkje minst fordi dei ikkje lèt seg lækje.

Faresignala

Dei første teikna (symptoma) på at du kan vere løysemiddelpåverka, er til forveksling lik teikna ved alkoholpåverknad. Det begynner gjerne med rus, at du er svimmel, trøytt, har hovudpine og er kvalm. Etter kvart, dersom ikkje løysemiddelpåverknaden blir borte, kan denne tilstanden bli varig. Minne og konsentrasjonsevne blir svekt. Du blir sløv, trøytt og ofte nedstemt. Heile personlegdommen din kan gjennomgå ei forandring.

Svært kraftig løysemiddelpåverknad kan gje akutt forgifting og føre til døden.

Reager straks! Merkar du plager som kan førast tilbake til bruk av løysemiddel, må du reagere. Avfei ikkje symptoma som bagatellar. Det er betre at du diskuterer plagene og arbeidsforholda dine med bedriftshelsetenesta (eller legen din) éin gong for mykje enn éin gong for lite.

Slik kan kroppen skadast:

  • Hjernen og nervesystemet
    Løysemidla angrip hjernen og nervesystemet. Det begynner med at du blir trøytt, får hovudpine, blir svimmel, rusa og kvalm. Ved svært kraftig påverknad kan folk besvime og i verste fall døy. Etter påverknad over lengre tid kan desse symptoma bli kroniske (varige).
    Konsentrasjonsevne og minne blir svekt. Du føler deg sløv, trøytt og deprimert.
  • Auga
    Løysemiddeldamp irriterer auga og gjer dei raude. Dampen kan òg skade det ytste laget av hornhinna og gje smerter og tåreflod.
  • Slimhinnene
    Løysemiddeldamp irriterer slimhinnene og kan føre til langvarig halskatarr eller bronkitt.
  • Blod og hjarte
    Akutt forgifting av trikloreten (tri) og andre løysemiddel med klor kan skade hjartet og faktisk føre til døden. Benzen påverkar beinmergen (der blodet blir danna) og kan gje opphav til blodkreft og andre blodsjukdommar.
  • Nyrene
    Enkelte løysemiddel kan skade nyrene og føre til langvarige nyrebetennelsar.
  • Levra
    Store dosar av visse løysemiddel kan gje alvorlege skader på levra.
  • Huda
    Løysemiddel løyser opp feittet i huda og gjer henne tørr. Er huda i hyppig kontakt med løysemiddel, blir ho gjerne irritert, raud og sprokken. Det kan til slutt føre til kontakteksem. Symptoma opptrer oftast på hendene.
  • Forplantninga
    Langvarig påverknad av løysemiddel kan svekkje forplantninga. Gravide kvinner må vere ekstra på vakt, ettersom løysemiddel i blodet til mora blir transportert til fosteret og kan gje fosterskadar og føre til abort.

Korleis unngå helsefarleg påverknad?

Arbeidsgjevar, verneombod og tilsette må i fellesskap jobbe for eit risikofritt arbeidsmiljø på den enkelte arbeidsplassen. Arbeidsgjevaren har naturlegvis eit spesielt ansvar for at nødvendige tiltak blir sette i verk, men éin ting er heilt sikkert: Skal noko kunne gjerast med dette problemet, må ein vere merksam på farane med løysemiddel.

Ingen arbeidsplassar er heilt like, verken når det gjeld lokalitetar eller arbeidsrutinar. Det er derfor vanskeleg å setje opp nøyaktige reglar for korleis ein best unngår løysemidla, men det er nyttig å minne om nokre generelle hugsereglar:

Finn ut kva slags produkt du har med å gjere - sjå på merkinga

Produkt som inneheld helsefarlege løysemiddel, skal vere merkte med innhald, risiko, tryggleiksåtgjerder og, dersom det er 1 liter eller meir, YL-merking*. YL står for yrkeshygienisk luftbehov, det vil seie den luftmengda som er nødvendig for å fortynne løysemiddeldampane til eit forsvarleg nivå, og gjev ein peikepinn på behovet for ventilasjon. Merkinga deler inn produkta i 7 YL-grupper, frå 00 til 5. Dess høgare tal, dess større er kravet til ventilasjon. Vel produkt med lågast mogleg YL-gruppe. Du bør alltid sjekke helse-, miljø- og tryggingsdatabladet til produktet. Databladet skal innehalde opplysningar om innhald av giftige og helsefarlege stoff, mogleg helserisiko, førstehjelp, førebyggjande vernetiltak og fysikalske data.

* OBS: Fra 1. juli 2005 er det ikkje lenger hjemmel for å kreve YL-merking. Det skyldes at forskrifta til grunn for dette blei oppheve. Det er Arbeidstilsynet si anbefaling at produsentar held fram med merkinga på frivillig basis, og at forbrukarar av løysemiddelhaldige produkt etterspør slik merking.

Erstatningsstoff

Undersøk om farlege produkt kan erstattast med ufarlege eller mindre farlege produkt. Etter arbeidsmiljølova og forskrift om vern mot eksponering for kjemikaliar på arbeidsplassen (best.nr. 566) skal stoff som kan føre til ulempe eller helsefare for arbeidstakaren, ikkje nyttast dersom dei kan erstattast med stoff som er mindre helsefarlege.

Det finst i dag mange produkt som inneheld vatn i staden for organiske løysemiddel. Det gjeld bl.a. ei rekkje målings-, lakk- og limprodukt og diverse reingjeringsmiddel.

Ta opp med arbeidsgjevaren og verneombodet om det er mogleg å skifte ut produkt som inneheld farlege løysemiddel.

Ventilasjon

Ventilasjon er kanskje den aller viktigaste enkeltfaktoren for å sikre eit sunt arbeidsmiljø. God allmennventilasjon er viktig, men svært ofte ikkje tilstrekkeleg i lokale der løysemiddel blir nytta. Lokalt avtrekk, punktavsug eller innebygging er aktuelle løysingar.

På mellombelse arbeidsplassar - for eksempel ved husbygging eller i skipsindustri - kan det vere nødvendig med regelmessig utlufting av lokala.

Arbeidsgjevaren har ei klar plikt til å sørgje for skikkeleg ventilasjon på arbeidsplassen (sjå òg Verneutstyr).

Arbeidsteknikk og -rutinar

Rett arbeidsteknikk er viktig. Bruker du for eksempel sprøytepistol (som er den arbeidsteknikken som gjev størst risiko for å spreie store mengder løysemiddel), bør du ha gjennomgått opplæring på førehand. Er du usikker, snakk med arbeidsgjevaren eller verneombodet før du set i gang.

Produkt som er behandla med løysemiddel, må plasserast på stader der ventilasjonen fungerer tilfredsstillande, på eige lagerrom eller utandørs. Boksar, glas o.l. som inneheld løysemiddel, må lukkast etter bruk.

Verneutstyr

Er det ikkje mogleg å unngå eksponering for løysemiddel, må du bruke personleg verneutstyr som andedragsvern., ofte friskluftmaske (spesielt ved bruk av sprøytepistol).

  • Filtermaske
    Pass på å bruke rett utstyr med rett filter. Finn ut kva slags dampar som blir utløyste, og kva slags risiko dampane inneber. Sørg for at du har fått skikkeleg opplæring i bruken av verneutstyret. Er du usikker, ta kontakt med arbeidsgjevaren eller verneombodet. Skift filter regelmessig.
  • Friskluftmaske
    Dersom konsentrasjonen av løysemiddeldamp er svært høg, må du bruke friskluftmaske for å vere sikker. Ved sprøytemåling eller anna sprøyting av løysemiddelhaldige produkt er friskluftmaske særleg viktig for helsetryggleiken.
    I små, tronge og dårleg ventilerte rom kan du risikere at det ikkje er nok oksygen i lufta til å nytte filtermaske. Da må du bruke friskluftmaske.
  • Hanskar og vernetøy
    Hudflatene kan vernast av hanskar og vernetøy. Men mange løysemiddel trengjer gjennom det plast- eller gummimaterialet som blir nytta til verneutstyr. Jobbar du med slike stoff, søk eksperthjelp hos ein hanskeprodusent e.l., eventuelt hos Arbeidstilsynet. HMS-datablad skal oppgje hanskemateriale under pkt. 8.
  • Augevern
    Beskytt auga med augevern.

Løysemiddelskadar kan ikkje lækjast. Berre unngåast.

Det blir stadig registrert nye og alvorlege tilfelle av løysemiddelskadar - mange av dei er ulækjelege skadar på hjernen. Vi kan ikkje utrydde dei farlege løysemidla. Men vi kan unngå at menneske blir utsette for skadeverknader.

Først og fremst må kvar enkelt arbeidsplass kartleggjast:

  • I kva for nokre avdelingar er løysemiddel i bruk?
  • Kven arbeider med dei farlege stoffa?
  • Kva slags løysemiddel er det snakk om?
  • Korleis kan ein verne dei tilsette?

Ansvaret til arbeidsgjevaren

Arbeidsgjevaren har hovudansvaret for at dei nødvendige tiltaka blir sette i verk, jf. arbeidsmiljølova § 4-5 og forskrift om vern mot eksponering for kjemikaliar på arbeidsplassen (kjemikalieforskrifta, best.nr. 566). Sjå òg forskrift om systematisk helse-, miljø- og tryggingsarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta, best.nr. 544)

I verksemder der arbeidstakarane arbeider med helsefarlege løysemiddel, må ei viktig målsetjing vere å førebyggje løysemiddelskadar. Arbeidsgjevaren pliktar etter kjemikalieforskrifta å kartleggje og dokumentere førekomsten av løysemiddel i verksemda og vurdere all slags risiko for helsa og tryggleiken til arbeidstakarane som er knytt til desse midla. Etter at verksemda har kartlagt og risikovurdert førekomsten av løysemiddel, skal arbeidsgjevaren utarbeide ein handlingsplan. Handlingsplanen omfattar tiltak som skal setjast i verk slik at arbeidstakarane ikkje blir utsette for skadeleg løysemiddelpåverknad. Kapittelet "Korleis unngå helsefarleg løysemiddelpåverknad" gjev eksempel på slike tiltak. Verne- og helsepersonalet (bedriftshelsetenesta) kan hjelpe til med å kartleggje verksemda og utarbeide ein handlingsplan.

Alle arbeidsgjevarar i Noreg må kunne skrive under på desse sju punkta:

  1. Eg har personleg sett meg inn i løysemiddelproblematikken.Eg veit kva for nokre middel som er farlege, og korleis skadar kan unngåast.
  2. Med utgangspunkt i pkt. 1 har eg fått kartlagt mi eiga bedrift og har dermed full oversikt over dei avdelingane der farlege løysemiddel er i bruk.
  3. Der det er mogleg, har eg sørgd for å erstatte farlege løysemiddel med mindre farlege produkt.
  4. Dei løysemidla som er nødvendige i prosessen, er forsvarleg merkte med instruksjon om korleis dei tilsette skal verne seg.
  5. Skikkeleg ventilasjonsanlegg og lokalt avtrekk er installert og blir vedlikehalde.
  6. Der det er nødvendig, er andedragsvern i bruk.
  7. Heile staben er informert om løysemiddel og risiko og opplært i dei forholdsreglane den enkelte må ta. Eg har sørgd for at det blir gjennomført jamleg kontroll med at forholdsreglane blir følgde.

Løysemiddelalfabet

Dette er ei alfabetisk oversikt over dei vanlegaste løysemidla. Sjekk denne oversikta dersom du er usikker på om du arbeider med løysemiddel.

A
Acetaldehyd
Aceton
Acetonitril
Akrolein (2-Propenal)
Akrylnitril
Allylalkohol (2-Propen-1-ol)
Allylklorid (3-klorpropen)
Amylacetat
Se Pentylacetat
Amylalkoholer
se Pentanoler

B
Benzen
Brometan
1,3-Butadien
Butan
n-Butanol
sec-Butanol
2-Butoksyetanol
2-Butoksyetylacetat
2-(2-Butoksyetoksy)-etanol
2-(2-Butoksyetoksy)-etylacetat
Butylacetat
Butylakrylat
Butylamin
Butylcellosolve
se 2-Butoksyetanol
Butylglykol
se 2-Butoksyetanol
Butyllaktat
p-tert Butyltoluen
se 1-Metyl-4-tert-butylbenzen

C
Cellosolve
se 2-Etoksyetanol
Cellosolveacetat
se 2-Etoksyetylacetat
Cykloheksan
Cykloheksen
Cykloheksanol
Cyklohesanon
Cyklopentan

D
Diacetonalkohol
(4-Hydroky-4-metyl-2-pentanon)
Dibutylftalat
Dietylamin
Dietylenglykolmonobutyleter
Dietylenglykolmonoetyleter
Dietylenglykolmonometyleter
Dietyleter
se Eter
Dietylftalat
Difenyleter
Diisobutylketon
(2,6-Dimetyl-4-heptanon)
Diisopropylamin
Diklorbenzen
1,1-Dikloretan
1,2-Dikloretan
Diklormetan
Dimetylftalat
1,4-Dioksan

E
Ekstraksjonsbensin
Etanol
Eter
2-Etoksyetanol
2-Etoksyetylacetat
2-(2-Etoksyetoksy)-etanol
2-(2-etoksyetoksy)-etylacetat
3-Etoksy-1-propanol
Etylacetat
Etylakrylat
Etylamylketon
Etylbenzen
Etylbromid
se Brometan
Etylendiamin
Etylendiklorid
se 1,2-Dikloretan
Etylenglykol
(1,2-Etandiol)
Etylenglykolmonobutyleter
se 2-Butoksyetanol
Etylenglykolmonobutyleteracetat
se 2-Butoksyetylacetat
Etylglykolmonoetyleter
se 2-Etoksyetanol
Etylenglykolmonoetyleteracetat
se 2-Etoksyetylacetat
Etylenglykolmonometyleter
se 2-Metoksyetanol
Etylenglykolmonometyleteracetat
se 2-Metoksyetylacetat
Etylenklorhydrin
(2-Kloretanol)
Etylglykol
Se 2-Etoksyetanol
N-Etylmorfolin

F
Freon 11(F 11,
Triklorfluormetan)
Freon 113(F 113,
1,1,2-Triklor-
1,2,2-trifluoretan)

H
n-Heksan
Heksylacetat
Heptan
2-Heptanon
3-Heptanon
(Butyletylketon)

I
Isobutylacetat
Isoforon
Isopropylalkohol = Isopropanol
Se 2-Propanol
Isopropylbenzen (Kumen)
Isopropyleter

K
Karbondisulfid
Karbontetraklorid
Kloroform
(Trikormetan)

M
Metonol
2-Metoksyetanol
2-Metoksyetylacetat
2-(2-Metoksyetoksy)-etanol
2-(2-Metoksyetoksy)-etylacetat
1-Metoksy-2-propanol
Metylacetat
Metylakrylat
Metylamylketon
se 2-Heptanon
Metylbutylketon
(2-Heksanon)
Metylbutylketon (tert)
Metylcellosolve
se 2-Metoksyetanol
Metylcellosolveacetat
se 2-Metoksyetylacetat
Metylcyclohexan
Metylenklorid
se Diklormetan
Metyletylketon
MEK (2-Butanon)
Metylglykol
se 2-Metoksyetanol
5-Metyl-2-heksanon
Metylisobutylketon MIBK
(4-Metyl-2-pentanon)
Metylisocyanat
Metylkloroform
se 1,1,1-Trikloretan
Metylmetakrylat
2-Metyl-2, 4-pentadiol
Metylpropylketon
(2-Pentanon)
1-Metyl-4-tert-butylbenzen

N
Nonan

O
Oktan

P
Pentan
Pentanol
Pentylacetat
Perkloretylen(Per)
se Tetrakloreten
Petroleumsdestillater
1-Propanol
2-Propanol
Propylacetat
Propylamin
Propylendiklorid
Propylenglykolmonoetyleter
Propylenglykolmonometyleter
Pyridin

S
Styren

T
Terpentin veg.
Tetrakloreten
Tetrakloretylen se Tetrakloreten
Toluen
Trietylamin
1,1,1-Trikloretan
1,1,2-Trikloretan
Trikloreten (Trikloretylen, Tri)
1,2,3-Triklorpropan
Trimetylbenzen

V
Valeraldehyd
Vinylacetat
Vinyltoluen

W
White spirit

X
Xylen


søk