Ansvarsområde og oppgåver
Statsarkivet i Bergen har ansvar for arkiv som har vesentleg verdi for kultur, forsking eller forvalting. Institusjonen tek vare på arkivmateriale frå statlege styresmakter på lokalt og regionalt nivå frå Hordaland (med Bergen) og Sogn og Fjordane, og frå private arkivskaparar. Ved inngangen til 2002 hadde Statsarkivet i Bergen vel 13000 hyllemeter med arkivsaker. Materialet strekkjer seg i tid frå 1307 til 1990-talet.
Statsarkivet rettleier brukarane anten det er per e-post, brev, telefon eller ved oppmøte på lesesalen. Kva du kan forventa av oss av hjelp og rettleiing kan vil du finna meir om i serviceerklæringa for Arkivverket.
Det er også Statsarkivet si oppgåve å føra tilsyn med alle dei offentlege arkiva i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Regelverket for handsaming av offentlege og private arkiv er å finna i arkivlova med føreskrifter.
Sist oppdatert 2002-07-23.
Statsarkivet i Bergen, Ĺrstadveien 22, 5009 Bergen, Tlf: 55 96 58 00,
E-post: statsarkivet.bergen@arkivverket.no

