Bruk av fødselsnummer i skule og barnehage
(10.08.2004) Redaksjonen 
print

Datatilsynet har vurdert bruken av fødselsnummer i skular og barnehagar. Utgangspunktet er at fødselsnummer berre kan innhentast når ein har eit sakleg behov for ei sikker identifisering og dette er umogeleg å oppnå ved bruk av andre metodar.

- I dei fleste tilfella er det nok å bruke namn, adresse og fødselsdato for å sikre ei riktig identifisering, seier Christine Ask Ottesen, juridisk fyrstekonsulent i Datatilsynet. Ho understrekar at det ikkje er eit argument for bruk av fødselsnummer at systemet er tilrettelagt slik eller at det er praktisk i somme samanhengar.

Barn sitt fødselsnummer
Det vil vere enkelte tilfelle der faren for forveksling av barna er spesielt stor, og der fødselsnummer bør nyttast. Dette kan for eksempel gjelde ved kommunale samordna opptaksprosessar. Ulike rapporteringsplikter knytt til karakterar i grunnskulen vil også krevje større tryggleik når mange elevar blir handterte. Konsekvensane av ei forveksling vil i denne samanhengen kunne få særs uheldige konsekvensar. Dette gjer at bruk av fødselsnummer kan vere nødvendig for ei sikker identifisering av kvar enkelt elev.

Føresette sitt fødselsnummer
Når det gjeld bruk av fødselsnummer til dei føresette, vil utgangspunktet vere det same som for barna. Det vil seie at normalt vil andre måtar å identifisere dei føresette på vere tilfredsstillande, og at det derfor ikkje er sakleg behov for å bruke fødselsnummer.

I barnehagesamanheng vil det likevel finnast spesielle forhold som taler for bruk av fødselsnummer. For eksempel er det spesielt viktig med ei sikker identifisering for å kontrollere føresette sitt inntektsforhold i samband med søknad om redusert betaling. For offentleg eigde barnehagar vil bruk av fødselsnummer kunne vere nødvendig dersom dei føresette ønskjer automatisk frådrag i sjølvmeldinga. I samband med kontantstønadordninga vil innhenting av dei føresette sine fødselsnummer også vere tillate.

Les breva til departementa her

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy