Nye reglar for utlegging av skattelister
(04.10.2004) Redaksjonen 
print

Stortinget har vedteke at ei offentleggjering av skattelistene på Internett berre skal skje på Skatteetatens eigne nettsider. Skattelistene vil framleis vere offentlege, men moglegheitene til offentleggjering via nettet blir vesentleg avgrensa.

Slutt på masseutlevering
Det blir også slutt på ordninga med at heile eller delar av skattelista blir utlevert elektronisk eller på papir. Skattelistene vil framleis leggjast ut i papirversjon på likningskontoret, men elektronisk avlesing av listene vil ikkje vere tillate. Unnataka er finansinstitusjonar, forsikringsinstitusjonar og kredittopplysningsføretak, som framleis vil kunne få listene utleverte. Offentlege verksemder som har bruk for listene i arbeidet sitt, vil også kunne få dei.

Kortare utleggingsperiode
Skattelistene blir lagde ut om hausten, men utleggingsperioden vil avgrensast til tre veker både for papir- og nettversjonen. Det er dessutan sett i verk tiltak for å hindre nedlasting av skattelista ved hjelp av maskinelle (automatiserte) søk.

Innhaldet i listene
Skattelistene skal berre innehalde informasjon om namn, poststad, fødselsår, inntekt, utlikna skatt og formue til skatteytaren. Ein kan ikkje be om å bli fjerna frå skattelistene, men listene skal ikkje innehalde opplysningar om personar med sperra adresse. Personar som bur på institusjon og personar utan fast bustad er dessutan tekne ut av skattelista som ligg på Internett.

For å søkje i dei listene som blir lagt ut på Internett, må ein leggje inn både namn og poststad. Dersom det er fleire med same namn og poststad, må ein i tillegg leggje inn alder.

Det er skattedirektoratet som har ansvar for dei nye reglane.

Les om regelendringane på skattedirektoratet sine heimesider

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy