Nyhetsbrev fra datatilsynet
Les mer og bestill>>
Lovendringsforslag bør utgreiast betre
(01.06.2004) Gunnel Helmers 
print

Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD) har hatt eit lovendringsforslag på høyring. Forslaget gjeld ein ny forskriftsheimel for innføring av ID-kort for alle arbeidstakarar.

- Formålet med lovendringa skal mellom anna vere å forhindre sosial dumping og forbetre arbeidsmiljøet, men vi kan ikkje sjå at eit ID-kort slik det er skildra i høyringsnotatet skal kunne gjere noko med dette, seier seniorrådgivar i Datatilsynet Astrid Flesland. Så langt vi kjenner til finst det ikkje eksempel på at ID-kort har nokon konkret funksjon i forhold til desse områda. Det er i notatet heller ikkje gitt nokon føringar for kva opplysningar ID-korta skal innehalde. Alt dette er moment som bør utgreiast langt betre før lovendringa blir innførd.

Les heile høyringsfråsegna

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy