Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  

Enklare å slå saman  mindre verksemder
Tersklane for den allmenne meldeplikta for føretakssamanslutningar blir hevt frå 1. januar 2007. Det betyr mindre byråkrati når selskap blir slått saman. (29.11.06)

Gratis taleprogram til Microsoft Windows
Statsråd Heidi Grande Røys har teke eit initiativ overfor Microsoft for å få tilrettelagt norsk taleprogramvare, såkalla talesyntese, på bokmål og nynorsk for Windows. (28.11.06)

Frå opne standard til internasjonal suksess
- Opne standard er viktig både for demokratiet, innbyggjarane og næringslivet, seier statsråd Heidi Grande Røys. (22.11.06)

Regulerte husleiger kan aukast
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har bestemt at eigarar av bygardar frå før krigen i Oslo og Trondheim får heve husleiga med inntil ti prosent frå 1. januar 2007. (21.11.06)

1 million til Seniornett Noreg
– Arbeidet Seniornett gjer er ein  stor inspirasjon for oss andre og viktig for å gjere det digitale skiljet mindre, seier statsråd Grande Røys. (21.11.06)

Innspel til regjeringa sitt fornyingsarbeid
Fornyingsminister Heidi Grande Røys har fått mange verdifulle innspel til regjeringa sitt fornyingsarbeid, og ho takkar for alle bidraga. (16.11.06)

Ansiktslyfting for Oscarshall Slott
Lystslottet som er eit av dei viktigaste nasjonale kulturminna i landet, skal gjennom ei full rehabilitering innvendig og utvendig.(15.11.06)

Opnar Verdens brukarvennlegdag 2006
- Det offentlege har eit særleg ansvar for å utforme brukarvennlege tenester, seier politisk rådgivar Jørund Leknes i samanheng med markeringa av Verdens brukarvennlegdag. (14.11.06)

Medverknad? Ja, takk!
- Vi treng omstilling av offentleg sektor. For å få det til, treng vi samarbeid mellom regjeringa og dei tilsette sine organisasjonar. Vi kjem ikkje til å vere einige i eit og alt, men argument skal vere lytta til og reflekterte over når vedtak skal gjerast, sa statsråd Heidi Grande Røys til NTL sitt landsmøte. (03.11.06)

Kvalitetsarbeid i offentleg sektor
Departementet arrangerte nyleg eit seminar om CAF (Common assessment framework), eit analyseverkty for evaluering og utvikling av eige verksemd. (03.11.06)

Norden som vinnar-region
Statsråd Heidi Grande Røys reiser i dag til København i eigenskap av nordisk samarbeidsminister for å delta i det årlege møtet i Nordisk Råd. Overskrifta på årets møte er "Norden som ein global vinnarregion". (30.10.06)

Eit eNoreg i god utvikling
Regjeringa har det siste året tatt eit langt steg nærare realiseringa av eNoreg 2009. Status i oktober 2006 viser at det er ei markant utvikling i forhold til mange av måla. (27.10.06)

Fornøgd med Høykom
Politisk rådgivar Jørund Leknes snakka om Regjeringas breibandspolitikk på Høykoms prosjektleiarsamling. (23.10.06)

Ny modell for alderspensjon i folketrygda
Regjeringa la i dag fram forslag om ein ny modell for opptening og uttak av alderspensjon i folketrygda. (20.10.06)

Forslag til reglar om arbeidsgivars tilgjenge til tilsettes e-post mv.
Departementet har sendt forslag til endringar i personopplysningslova, arbeidsmiljølova og personopplysningsforskrifta ut på høyring. (17.10.06)

Ny rettleiar
Regjeringa har vedteke retningslinjer for vedlikehald av dei kulturhistoriske eigedomane til staten. Rettleiaren skal vere eit hjelpemiddel i arbeidet med å lage forvaltningsplanar for eigedomane. (16.10.06)

IT-ministeren svarde lesarane
Fornyings- og administrasjonsminisiter Heidi Grande Røys svarde blant anna på spørsmål om IT-tryggleik og breiband, då ho stilte på nettmøte hos Dagens IT. (11.10.06)

Fornying for velferd og verdiskaping
- Regjeringa ynskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gir innbyggjarane gode tenester, valfridom og medråderett. (06.10.06)

Auka satsing på MiSide
Regjeringa vil auke satsinga på å vidareutvikle MiSide frå 6 millionar i 2006 til 13 millionar i budsjettforslaget for 2007. (06.10.06)

Rekordløyving til breiband
Regjeringa legg fram forslag om hundre millionar kroner til bygging av infrastruktur for breiband i statsbudsjettet for 2007. Dette er den største satsinga nokon sinne. Totalt er løyvinga til breiband på nær 122 millionar kroner. (06.10.06)

Storsatsing på opne IT-standardar og open kjeldekode i 2007
Alle skal kunne kommunisere elektronisk med det offentlege utan å vere avhengige av programvare frå bestemte leverandørar. Difor seksdoblar Regjeringa satsinga på opne standardar og open kjeldekode i offentleg sektor. (06.10.06)

20 millionar til forsøk og studiar om 6-timarsdag/arbeidstidsreformer
Vi veit for lite om verknadene av redusert arbeidstid. Regjeringa føreslår difor å løyve 20 millionar kroner for 2007 til å gjennomføre forsøk med og studiar av redusert arbeidstid. (06.10.06)

Fusjonen mellom Gilde og Prior er godkjent
Fornyings- og administrasjonsdepartementet har oppheva Konkurransetilsynet sitt forbod mot fusjonen mellom Gilde og Prior. Departementet meiner at fusjonen ikkje har konkurranseskadelege verknader. (05.10.06)

Tidlegare nyheiter

 

    
Øvrig politisk ledelse
Kalender


Sist publisert
Pressemeldingar
Om departementet


Lønnsoppgjeret 2006
Statens reiseregulativ
Lønnstabeller 
Statens personalhandbok
Hovudavtalen i staten
Hovudtariffavtalen i staten
Ledige stillingar


Aktuelt
nå!

Skattefunn
Etikk og karantene
eHandel
Lønnsoppgjøret 2005
Inkluderande arbeidsliv i staten
Statens kulturhistoriske eigedomar


Kontakt oss

Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Postboks 8004 Dep, 0030 Oslo
Besøksadresse: Akersgt. 59
Telefon: 22 24 90 90
Telefax: 22 24 95 16

postmottak@fad.dep.no
----------------------------------------------
Ansvarleg redaktør: Signe Horn
Nettredaktør: Ann Kristin Lindaas


norge.no