Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
  Nynorsk    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvisning  

Nordisk formannskap 2006

Norge har formannskapet i Nordisk Ministerråd i 2006. Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys er nordisk samarbeidsminister for Norge.

Hovedprioriteringene under det norske formannskapet vil være nordisk samarbeid i nordområdene, den nordiske velferdsmodellens fremtid og behovet for kunnskapsbasert fornyelse og verdiskaping.

- Velferd for framtida

Nordisk samarbeidsminister Heidi Grande Røys vil leggje stor vekt på utviklinga av eit velferdssystem med berekraft for framtida. – Dette er særleg viktig for oss i dei nordiske landa fordi vi jo har eit høgt velferdsnivå. Våre land ligg alltid i toppen når velferd vert rangert og det vil vere avgjerande at vi klarer å fornye oss og tilpasse oss samfunnsendringane for å kunne halde på dei velferdsordningane vi har. Og kanskje endå viktigare; utvikle samfunnet slik at vi tar opp i oss endringar både av behov og utfordringar som til dømes den såkalla eldrebylgja representerer, seier samarbeidsministeren.

Den andre hovudsaka for det norske formannskapet er samarbeidet i nordområda og dei utfordringane dette representerer, særleg når det gjeld miljøspørsmål. Både knytt til olje- og gassutvinning og den særeigne faunaen i dei arktiske områda. Samarbeid om forvaltinga av fiskeriressursane er òg eit viktig område. Det tredje fokusområdet er å utvikle ei kontinuerleg kunnskapsutvikling blant anna for å møte utfordringane som globaliseringa stiller oss overfor.

- Vi vil bruke de eksisterande samarbeidsarenaene aktivt. Arktisk Råd, Barentsrådet og Østersjørådet, i tillegg til Nordisk Ministerråd, seier Grande Røys.

Fornying
- Det er heilt naturleg at det er vårt departement som har fått oppgåva med samordning av det nordiske samarbeidet. Et stikkord for utviklinga av våre velferdssamfunn er evna til fornying. I løpet av året vert det lagt fram eit stort nordisk forskingsprosjekt som har sett på korleis vi har løyst velferdsoppgåvene i dei nordiske landa. Det blir spennande å sjå resultata fordi vi har ikkje gjort det heilt likt. Eg vonar forskarane kan gi oss meir kunnskap og innsikt, blant anna i korleis ulike velferdsordningar faktisk verkar. Eg har det synet at politikk bør basere seg på kunnskap så langt det er mogleg.

Få ungdom i tale
- Vi vil også arbeide for å involvere ungdom. Mange hevdar at dei er mest opptekne av seg sjølve og lite opptekne av samfunnet omkring. Javel, om det stemmer så må vi spørje kva slags konsekvensar det kan få for framtida til den nordiske velferdsmodellen. Men eg er ikkje så sikker på om dette er riktig og eg meiner vi bør prøve å finne det ut. Vi skal derfor setje saman eit nordisk ungdomspanel for å få kasta lys over korleis ungdom ser på det nordiske samarbeidet og dei problemstillingane som vi har hovudfokus på; nordområda, kunnskapsutvikling og framtida for den nordiske velferdsmodellen. Korleis dei ser på kvardagen og framtida, avsluttar samarbeidsminister Heidi Grande Røys.         

 

      



Aktuelt
nå!
    

Norden som vinner-region
Nordisk samarbeidsminister Heidi Grande Røys
Det norske formannskapsprogrammet
Slik er det nordiske samarbeidet bygget opp
Møtekalender
Nyheter og taler



Det norske formannskapet i nordisk ministerråd
De nordiske samarbeidsministrene
Nyheter fra Nordisk Ministerråd
Ledige stillinger i Nordisk Ministerråds sekretariat