Du er her: Forside  > SNO > Nyhetssake... > Søppelrydding i Semsøy...
English
Utskrift
Om organisasjonen
Nyhetssaker fra forsiden
Kontakt
Ansatte
Arrangement
Offentlig journal
Skjemaer
Ledige stillinger
Høringssaker
Anbudskonkurranser
Publikasjoner
Sørviserklæring
Grønt DN
Lover og forskrifter
Barn og unge
Ung ute


Eksterne linker:
Miljøstatus
Miljøforvaltningen
Klimaløftet
Regelhjelp
Veiviser i miljølovverket
Jegerregisteret
Flere lenker...

Nyhetssaker fra SNO  Søppelrydding i Semsøyene natrurreservat


Søppelrydding i Semsøyene natrurreservat
Semsøyene naturreservat i Notodden kommune i Telemark er eit våtmarks- og flommarkskogområde ved sida av flyplassen i Notodden. Edellauvskogen består av til dels svært tett gråor-heggeskog. I strandkanten ut mot Heddalsvatn har buesivaks sitt einaste kjende voksestad i landet. Da SNO Skinnarbu fikk ansvaret med oppsyn og skilting i området blei det oppdaga at det var enorme mengder søppel overalt i reservatet. Mykje av søppelet kom nok med ein storflom på 1980-talet, men elles er det gamle synder.


Hegg i full blomstring i Semsøyene naturreservat. Forsøplinga i området legg likevel ein dempar på våridyllen. Foto: Leonhard Mikalsen.

I midten av oktober 2004 gjennomførte Hardangervidda Fjelloppsyn ein kjempeinnsats på opprydding i reservatet på oppdrag frå SNO. Traktor med tilhengar blei innleidd, og 10 fulle tilhengarlass med til saman 22 tonn avfall blei samla saman og kjørt til godkjent fyllplass.


Ein liten del av avfallet som blei fjerna i oppryddingsaksjonen. Foto: Leonhard Mikalsen.

Avfallet inneheldt ei lang rekke forskjellige ting, og noko kan nemnas her: 33 oljefat, to komfyrar, eit badekar, eit kjøleskap, om lag 50 plastkanner, bildekk, syklar, biledelar, traversar og isolatorar etter ei nedrive telefonlinje, isopor og mye anna. Det blei og oppdaga ein stor nedgrodd gammal båt, som sannsynligvis er ein gammal tømmerlekter. Funnet av båten er nærare omtala i Telemarksavisa. Les artikkel i Telemarksavisa her.

Sjølv om store mengder søppel no er fjerna frå reservatet gjenstår noko ryddearbeid frå båt ved låg vasstand langs strandlinja til neste år før prosjektet blir rekna som avslutta.


Reservatgrensa går nært opp til riksvegen. I bakgrunnen skimtast Heddalsvatnet. Foto: Leonhard Mikalsen.


Tilbake til hovudside SNO

Sist oppdatert: 24.08.2006


Tilbake til forsiden