Kyst og verneområde Hordaland

Terje Haugland i SNO Askøy har kontor i kjellaretasjen i egen bustad på Nordre Haugland.
På denne sida kan du lese om:
• Oppsynsområdet
• Arbeidsoppgåver
• Tilsette
Oppsynsområdet
SNO Askøy har ansvar for naturoppsyn i kystsona i nordlige deler av Hordaland frå Øygarden til Fedje.
Arbeidsoppgåver
SNO Askøy har som oppgåve å drive naturoppsyn med heimel i lov om statlig naturoppsyn innanfor sitt oppsynsområde. Formålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll av bestemmingane gitt i Friluftsloven, Naturvernloven, Motorferdselsloven, Kulturminneloven, Viltloven, Laks og innlandsfiskloven og deler av Forureiningsloven. Oppsynet driv og rettleiing og informasjon, samtidig som det kan drive skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.
SNO Askøy har ein særleg oppgåve med lakseoppsyn i heile Hordaland fylke i perioden frå mars til oktober. Hovudvekt er lagt på oppsyn i Osterfjordsystemet fra ytterste kyst til munningen av Vosso ved Bolstad.
Kontoret driv og mykje med oppsyn i verneområde. Verneområda utgjer eit samla areal på 10 kvadratkilometer fordelt på 68 naturreservat. For å drive oppsyn i dei mange marine verneområda nyttar kontoret oppsynsbåten Skarv. Arbeidet inneberer oppsyn med vernereglene, og i hekketida drivast ein del kontroll i forhold til forbodet mot ferdsel i sjøfuglkoloniane. Andre viktige oppgåver er tilsyn med skilt og informasjonstavler samt oppfølging av forvaltnings- og skjøtselsplanar som gjør at brukarane veit kva dei har å halde seg til.
Tilsette
 |
|
Namn: |
Terje Haugland |
|
Stilling: |
Naturoppsyn kyst Hordaland |
|
Seksjon: |
Kystseksjonen |
|
Postadresse: |
Statens naturoppsyn Askøy, Tungasletta 2, 7485 Trondheim |
| Direkteadresse: |
Statens naturoppsyn Askøy, Nordre Haugland, 5314 Kjerrgarden |
|
Telefon: |
56 14 61 80 |
|
Mobiltlf.: |
976 14 232 |
|
Faks: |
|
|
E-post: |
terje.haugland@dirnat.no | |
Tilbake til hovudside SNO Lokalt