Du er her: Forside  > Organisasj... > Lokalkonto... > Oppland > Vang i Val... > Utladalen LVO
English
Utskrift
Om organisasjonen
Nyhetssaker fra forsiden
Kontakt
Ansatte
Arrangement
Offentlig journal
Skjemaer
Ledige stillinger
Høringssaker
Anbudskonkurranser
Publikasjoner
Sørviserklæring
Grønt DN
Lover og forskrifter
Barn og unge
Ung ute


Eksterne linker:
Miljøstatus
Miljøforvaltningen
Klimaløftet
Regelhjelp
Veiviser i miljølovverket
Jegerregisteret
Flere lenker...

Organisasjonen  Lokalkontorene  Oppland  Vang i Valdres  Utladalen LVO


Skjøtsel og restaurering i Utladalen landskapsvernområde
Geiter ved Avdalen gård - Copyright: Rigmor Solem
Geiter på beite ved Avdal Gard i Utladalen. Beite er eit viktig skjøtselstiltak i landskapsvernområdet. Foto: Rigmor Solem.

I 1980 vart Utladalen verna som landskapsvernområde samstundes med opprettinga av Jotunheimen nasjonalpark. Formålet var å verne eit vilt og vakkert vestlandslandskap med naturmiljø og kulturminne som er vevd saman i ein heilskap.

Det er mange grunnar til at ein ønsker å ta vare på det kulturdokument Utladalen med sine mange kulturminner representerer. Det er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som har forvaltningsansvaret for Utladalen landskapsvernområde. Kommunalt oppnemt tilsynsutval tek del i forvaltningen av verneområdet og tek seg særleg av lokalsammfunnet sine interesser.

All planlegging og evaluering av skjøtselstiltak skjer i eit samarbeidsforum der alle grunneigarane / brukarane og Statens naturoppsyn er representerte. Ein omfattande skjøtsel og pleie av heile Utladalen landskapsvernområde er ikkje realistisk å tenkje seg. Fire delområde er utpeika til skjøtseltiltak; Hjelle, Skåri, Avdalen og Vetti. I løpet av tre-fire sommarmånader blir det meste av innmarka ved desse gardane beita og slått. Mange bygningar er restaurerte og vølte. Gamle ferdselsvegar blir halde i hevd ved årleg skjøtsel. Kvar sommar blir 8-10 studentar og handverkarar hyra inn for å utføre mange av skjøtselsoppgåvene.

Det starta med idealisme hos enkeltpersonar og lag som såg moglegheiter og verdiar som var i ferd med å gå tapt. I dag er det etablert eit system som vidarefører arbeidet. Dette systemet representerer ein møteplass for den offentlege forvaltningen, private grunneigarar, lag og privatpersonar som vil gjera sitt til den store dugnaden det er å la Utladalen vera eit levande kulturlandskap.


Tilbake til SNO Vang

Sist oppdatert: 24.08.2006


Tilbake til forsiden
                                                                                               

Eksterne lenker
• Utladalen naturhus
  (Vest-Jotunheimen)
• Jotunheimen
  nasjonalpark