Du er her: Forside  > Friluftsliv > Jakt og fa... > Jegerprøven > Jegerprøva... > Nettbasert læring i je...
English
Utskrift
Om organisasjonen
Nyhetssaker fra forsiden
Kontakt
Ansatte
Arrangement
Offentlig journal
Skjemaer
Ledige stillinger
Høringssaker
Anbudskonkurranser
Publikasjoner
Sørviserklæring
Grønt DN
Lover og forskrifter
Barn og unge
Ung ute


Eksterne linker:
Miljøstatus
Miljøforvaltningen
Klimaløftet
Regelhjelp
Veiviser i miljølovverket
Jegerregisteret
Flere lenker...

Friluftsliv  Jakt og fangst  Jegerprøven  Jegerprøva - nynorsk  Nettbasert læring i jegerprøva


Nettbasert læring i jegerprøva
 

Åtte år etter førre store revisjon av jegerprøveopplæringa er det nå gjeve ut heilt nytt opplæringsmateriell for Jegerprøva. I tillegg til at filmar og plansjar er modernisert føreligg no heile opplæringsverktøyet på digital form. Som den store nyvinninga framhevas moglegheita for å tilegne seg deler av pensumstoffet til jegerprøva som nettbasert undervisning.  

Jegerprøva er bygd opp av 9 modular. To av desse er praktisk retta og omhandlar mellom anna feller og fangst, skyting med hagle og rifle samt ein del praktiske øvingar på til dømes avstandsbedømming, forsering av hinder med gevær og liknande. Tre av modulane er lagt ut opent tilgjengeleg for alle på internett. Dette er modular som inneheld emna kunnskap om artar, lovverk og forskrifter samt jakthundar og jakthunddressur. Dei siste fire modulane er som før basert på  undervisning i klasserom.

Den nettbaserte opplæringa skal gje alle jegerprøvekandidatar høve til å tilegne seg faktakunnskap når og kor det passar best for dei sjølve. Dei haldningsdannande emna vil også no gå føre seg i form av undervisning i klasserom leda av ein autorisert instruktør. Sjølv om tre modular er lagt ut for eigen tilegning av stoffet må alle kandidatar levere stadfesting i form av ein sluttest frå kvar av desse. Det nye materiellet er utviklet i samarbeid mellom Norges- Jeger- og Fiskerforbund og Direktoratet for Naturforvaltning.

Dei modulane som finnest som nettbasert læring er:

  • Modul 4: Kunnskap om artar 
  • Modul 5: Lovverk og forskrifter 
  • Modul 8: Jakthundar

For å gå inn på dei nettbaserte kurssamlingane klikk her (ekstern lenkje)

Kvar av dei tre modulane inneheld ein test. For å få godkjent testen må minst 80% av svara vere riktig.

Test deg sjølv

Har du lyst til å testa kunnskapane dine om jakta og jegerprøva? I slutten av kvar nettbasert samling er det testspørsmål som er relevant til eksamenen i jegerprøva. Her er snarvegen om du vil testa dine kunnskapar om jakta (trykk på startknappen som kjem opp etter nokre sekund):

Sist oppdatert: 31.10.2007


Tilbake til forsiden
 

Bokmål versjon