Du er her: Forside  > Arbeidsomr... > Friluftsliv > Jakt og fa... > Jegerprøven > Jegerprøva - nynorsk
English
Utskrift
Om organisasjonen
Nyhetssaker fra forsiden
Kontakt
Ansatte
Arrangement
Offentlig journal
Skjemaer
Ledige stillinger
Høringssaker
Anbudskonkurranser
Publikasjoner
Sørviserklæring
Grønt DN
Lover og forskrifter
Barn og unge
Ung ute


Eksterne linker:
Miljøstatus
Miljøforvaltningen
Klimaløftet
Regelhjelp
Veiviser i miljølovverket
Jegerregisteret
Flere lenker...

Friluftsliv  Jakt og fangst  Jegerprøven  Jegerprøva - nynorsk
Nettbasert læring i jegerprøva  


Jegerprøva
Jakt og fangst fordrar kunnskap om handtering av skytevåpen og fangstreiskapar, kunnskap om dei artane det kan jaktast på og kunnskap om reglar og føresegner. Alle nye jegerar må derfor ta Jegerprøva.
Damer på jakt  - Copyright: Heidi Hansen
Foto: Heidi Hansen

Gjennomført og bestått jegerprøve gjer at ein blir registrert i Jegerregisteret, noko som gir rett til å utøve sjølvstendig småviltjakt og fangst dersom ein er fylt 16 år, og sjølvstendig storviltjakt dersom ein er fylt 18 år. Dersom ein ikkje er myndig (18 år), må ein i tillegg ha løyve frå foreldre eller andre føresette.

Alle personar som har fylt 16 år, og som ikkje er registrerte i Jegerregisteret, skal før jakt eller fangst blir utøvd ha bestått jegerprøva. Jegerprøva består av eit obligatorisk kurs og ein skriftleg eksamen. Det obligatoriske kurset er på 30 timar og kan takast frå ein er 14 år. Personar som er fast busette i utlandet, treng ikkje ta jegerprøva dersom dei kan dokumentere at dei fyller vilkåra for å drive tilsvarande jakt i sitt eige land.

Åtte år etter førre store revisjon av jegerprøveopplæringa er det nå gjeve ut heilt nytt opplæringsmateriell for Jegerprøva. I tillegg til at filmar og plansjar er modernisert føreligg no heile opplæringsverktøyet på digital form. Som den store nyvinninga framhevas moglegheita for å tilegne seg deler av pensumstoffet til jegerprøva som nettbasert undervisning

For å lese meir om nettbasert undervisning i jegerprøva klikk her


Fem studieforbund har gjort ein avtale med Direktoratet for naturforvaltning om å halde det obligatoriske kurset:

I tillegg har følgende løyve til å arrangere jegerprøva:

Studieforbunda arrangerer kursa og kan krevje kursavgift. Kommunane har ansvaret for den teoretiske eksamenen, og den som vil gå opp til jegerprøva, må betale gebyr for skriftleg eksamen.

Tilbod om obligatorisk kurs varierer frå kommune til kommune. Lokale studieorganisasjonar tilbyr kurset gjennom studiekatalogane sine, eller dei kan annonsere kursa i aviser og tidsskrift. Kommunane og lokale jeger- og fiskarlag kan også gi svar på spørsmål om jegerprøva.

Det er utarbeidd to lærebøker: ABC for jegerprøva og Jegerprøveboka. Dei kan kjøpast hos bokhandlarar eller lånast på biblioteket. Meir utfyllande opplysningar om jegerprøva finn du i Direktoratet for naturforvaltning sitt rundskriv om utøving av jakt, felling og fangst.


Tilbake til hovedside Jakt og fangst - nynorsk

Sist oppdatert: 30.10.2007


Tilbake til forsiden
 

Bokmål versjon

Logo Jegerprøven - Copyright: DN

Rundskriv
• Rundskriv april 2006 om utøvelse av jakt, felling og fangst (pdf-fil)


Eksterne lenkjer
• Folkeuniversitetets Studieforbund
• Bygdefolkets Studieforbund
• Studieforbundet natur og miljø
• Arbeidernes Opplysningsfond
• Samisk Studieutval
• Vaksenopplæringa i Forsvaret
• Jegerregisteret i Brønnøysund