Norges Høyesterett  /  Pressemeldinger  /  Arkiv av pressemeldinger  / 

Utuktig omgang med 15 1/2-åring

01.12.1999
To menn, respektive 20 år og 8 månader og 21 år og 2 månader gamle på gjerningstida, var av lagmannsretten frifunne for brot på straffeloven paragraf 192, valdtekt, men dømde for brot på straffeloven paragraf 196, for utuktig omgang - med ei jente på 15 år og 6 månader.

Lagmannsretten hadde fastsett straffa til fengsel utan vilkår i 75 dager for den eine og 60 dager for den andre. Etter anken til dei domfelte gjorde Høgsterett fengselstraffene om til å vere på vilkår. Fleirtalet (3 dommarar) viste til at den krenkte nærma seg aldersgrensa for at dei dømde kunna straffast, og til utsegner om kva som fortener straff i slike tilfelle i NOU 1997:23 Seksualbrot. Det blei vidare vist til at forholdet låg i nærleiken av bruksområdet for straffeloven § 196 fjerde ledd, og til rettspraksis i tilknytning til denne føresegna. Midretalet (2 dommarar) stemte for fengselsstraff utan vilkår i 30 dager og 24 dagar. Mindretalet la vekt på at det låg et moment av utnytting av krenkte frå dei domfelte si side.