fysisk fagutvalg
mer om oss
statutter
fagevalueringer
møtereferater
linker
kontakt

 

 

Statutt for organisering av fagutval ved fysisk institutt

  1. Desse reglane vik for statutt for organisering av studentane ved Det Matematisk-Naturvitskaplege Fakultet, vedtekne på allmøte 26. februar 2004.
  2. Fagutvalet heiter Fysisk Fagutval (FFU). Det har til føremål å ivareta og fremje dei interessene studentane ved Fysisk Institutt har i høve til leiinga for Instituttet, fakultetet og Universistetet i Oslo generelt.
  3. Fagutvalet skal helst ikkje ha mindre enn 7, og ikkje fleire enn 15 medlemmer. Dersom det er nødvendig, kan det vedtakast at fagutvalet kan supplere seg sjølve utover dette.
  4. Fagutvalet vert valde av eit allmøte mellom dei studentane som høyrer heime ved Fysisk Institutt. Dersom fleire enn 15 kandidatar stiller til val vert dei valde som får flest stemmer. Urneval vert halde dersom minst 10 prosent av dei oppmøtte på allmøtet krev det. Medlemmene har normalt ei funksjonstid på 1 år, men den som har vore medlem i minst eit år, kan late seg attvelje for eitt semester. På eit valallmøte skal det avtroppande fagutvalet legge fram semesterberetning. Det skal haldast to valallmøte i året, eitt for haustsemesteret og eitt for vårsemesteret. Omkring halvparten av fagutvalsmedlemmene vert valde kvar gong. Fagutvalet konstituerer seg sjølv etter allmøtet som haldast i byrjinga av kvart semester.
  5. Eit allmøte skal kallast inn med minst 14 dagars frist. Allmøte vert kalla inn når fagutvalet vedtek det, eller når minst 10 prosent av studentane ved Instituttet krev det. Som student ved Instituttet reknar ein her FAM-, ElDat- og MENA-bachelorstudentar, fysikk-, MENA-, ElDat og PGP-master-studentar, i tillegg til dei som inneverande semester tek fysikkurs eller held på med hovudfag fysikk. Allmøtevedtak - bortsett frå endringar av statutta - vert gjort med simpelt fleirtal.
  6. Fagutvalet oppnemner eller innstiller studentrepresentantar til Instituttets komitear og utval i den grad desse ikkje vert valde på anna vis. Fagutvalet innkallar og held Instituttallmøta. Fagutvalet er høyringsorgan for Instituttet i dei sakene som vedgår studentane her. Fagutvalet tek opp dei sakene dei vil fremje for Instituttet, Realistenes Studentutvalg og Studentparlamentet.
  7. Fagutvalet peikar ut leiar, nestleiar og skrivar (sekretær) mellom medlemmene sine. Ut over dette konstituerer fagutvalet seg sjølve.
  8. Fagutvalet har møte ikkje sjeldnare enn kvar 14. dag. Dei lagar ein forretningsorden som regulerer møta deira. Fagutvalet kan ikkje fatte vedtak dersom ikkje minst 2/3 av medlemmene er tilstades. Vedtak vert fatta med simpelt fleirtall. Dersom to framlegg fåt like mange stemmer, tel leiarens stemme dobbelt.
  9. Fagutvalet pliktar å halde seg informerte om kva Realistenes Studentutvalg driv med.
  10. Desse statutta er vedtekne på allmøte på fysisk Institutt 6. februar 1997. Dei kan endrast av eit Instituttallmøte ved Fysisk Institutt. Dersom endring av statutta skal opp på eit allmøte, skal dette stå i møteinnkallinga, og endringsframlegga skal vere tilgjengelege for alle studentar ved instituttet i minst 14 dagar før møtet. Eit vedtak om endring må oppnå 2/3 fleirtal mellom dei som er til stades på møtet. Dersom nokon krev allmøte for å ta opp framlegg til endringar i statutta, skal framlegget til endringar vere fagutvalet i hende minst tre veker før møtet.
  11. Desse statutta skal vere tilgjengelege for alle studentar ved Instituttet.
  12. Fagutvalet kan knytte til seg studentar frå andre institutt om desse synest egna. Desse vert valde på vanleg måte, men må godkjennast etterpå med 2/3 fleirtal av fysikkstudentane på allmøtet.