Statlig tilsyn med
sosial- og helsetjenestene


Helsetilsynet tilrår statleg overtaking av spesialisthelsetenesta

Pressemelding 5/2001 fra Helsetilsynet 5. mars 2001

Nettstedet A til Å

Kontakt oss

Ledige stillinger




Om Helsetilsynet


Nyheter, presse og offentlighet


Nyhetsarkiv


Nyhetsbildet - fylkesnivået


Sist publisert


Abonnement


Pressemeldinger


For pressen


Offentlighet og innsyn


Helsetilsynet i nyhetsbildet


Tilsyn - funn, avgjørelser, metoder


Regelverk


Helsetilsynet i fylkene


Sosialtilsyn - fylkesmennene


Lenker og bibliotek


Publikasjoner, uttalelser, brev


Rettigheter og klagemuligheter
Information in Sami English pages of the website of the Norwegian Board of Health
Information in Arabic Information in Chinese
Information in Finnish Information in French
Information in Russian Information in Spanish
Information in Portuguese
 


Statens helsetilsyn er samd i forslaget om at staten overtek sektoransvaret for spesialisthelsetenesta. Med ei befolkning på cirka 4,5 millionar menneske er det ikkje formålstenleg å dele ansvaret for spesialisthelsetenesta på 20 einingar som i dag. Eigarreforma betrar i seg sjølv ikkje helsetilbodet til befolkninga, men reforma kan gjennom framlegget til strukturendringar leggje grunnlag for dette dersom dei helsepolitiske måla vert haldne oppe. Sjukehusa si plikt til samarbeid med primærhelsetenesta må lovfestast.

- Ei hovudutfordring for Stortinget, Regjeringa og departementet blir å avgrense den statlege styringa av sjukehusa til overordna spørsmål ved å styre i stort og delegere i smått, seier avdelingsdirektør Jørgen Holmboe i ein kommentar. Ein vesentleg del av utfordringane for helsetenesta ligg i grenseflatene mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta og korleis ressursane i dei forskjellige delane av helsetenesta bør verke saman for å sikre gode helsetenester for folk. Med aukande tal kronisk sjuke og personar med langvarige og samansette helsetenestebehov, er samarbeid mellom sjukehus og kommunehelsetenesta ei av helsetenesta sine viktigaste utfordringar.

Helsetilsynet har erfaring for at det er i overgangen mellom nivåa at svikt oftast oppstår. Dette kan vere i form av mangelfull utnytting av erfaringar, undersøkingar og vurderingar i primærhelsetenesta, manglande eller mangelfull kontakt med primærhelsetenesta ved innlegging og dårleg planlegging som kan føre til uforsvarleg utskriving. Helsetilsynet meiner at lovgrunnlaget ikkje er presist nok for å understreke det ansvaret spesialisthelsetenesta har for samarbeid med primærhelsetenesta. I vedtektene bør det framgå at helseføretaket skal ha plikt til å sikre eit samanhengande tenestetilbod, også for "gråsone pasientane" gjennom nært samarbeid mellom somatikk og psykisk helsevern og med kommunehelsetenesta, jf. rett til individuelle planar for personar med langvarige og samansette tenestetilbod. Sjukestuer og spesialsjukeheim blir tilrådd lagt til helseføretaka. Helsetilsynet foreslår at det i vedtektene for helseføretaket blir bestemt at kommunehelsetenesta skal vere representert i styret for helseføretaket og dotterføretaka.

Høringsmeldinga frå Helsetilsynet følgjer vedlagt

For meir informasjon: avdelingsdirektør Jørgen Holmboe tlf. 22248950

Statens helsetilsyn
Kontor: Calmeyers gt.1
Postadresse:
P.b.8128 Dep., 0032 Oslo
Informasjonssjef Knut Ihlen Tønsberg
Tlf.22249050 Faks.22248868
Mobil.97681971