|
Einskildsaker Helsetilsynet i fylket behandlar einskildsaker med spørsmål om svikt i helsetenesta. Slike saker kan koma opp på grunnlag av klager frå pasientar, medieoppslag, førespurnader frå andre delar av helsetenesta o.a. Informasjon om saksbehandlinga er å finna under menyen Hendingsbasert tilsyn.
Omfang av saker
Helsetilsynet i Møre og Romsdal har i 2006 gjort 70 vurderingar av personell og verksemder i helsetenesta. Desse vurderingane er fordelt på 62 saker. I 8 av vurderingane av personell sendte Helsetilsynet saka til Statens helsetilsyn med førespurdnad om å vurdere ein administrativ reaksjon (advarsel eller avgrensning ev. tap av autorisasjon).
Ut over dette har Helsetilsynet Møre og Romsdal teke imot 4 klager på personell eller verksemder i helsetenesta som har blitt avslutta med "inga oppfølging etter lokal avklaring". Det betyr at klaga er sendt til den som er innklaga med førespurdnad om å invitere klagaren til eit møte med sikte på å få løyst saka minneleg, og at klagaren etter dette har vald å ikkje gå vidare med saka.
Lenkjeliste
Sist endra 6.7.2007
|