|
Karl Evang-prisen vart oppretta som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for hans sosialmedisinske pionerinnsats. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for folkehelsa og sosiale forhold som har tydning for denne.
Karl Evang-prisen for 2007 skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje anten folkehelsa og sosiale forhold med tydning for denne, rettstryggleik og tryggleik i helse- og sosialtenesta eller opplysingsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige helse- og sosialpolitiske spørsmål. Det er ingen føresetnad at vedkommande person eller organisasjon er knytt til helse- og sosialtenesta. Det vert lagt vekt på at innsatsen er aktuell, men innsats over tid vil óg bli vurdert.
Prisen vert delt ut i samband med Helsetilsynet sitt årlege Karl Evang-seminar 23.oktober. Seminar og prisutdeling finn stad i Oslo kongressenter (Youngstorget) og er ope for alle.
Komiteen som vel prisvinnar består av: redaktør Hilde Haugsgjerd, professor Aslak Syse, professor Steinar Westin, dekan Elisabeth Brodtkorb, og rådgjevar Ruth Andresen.
Skriftleg søknad kan sendast av kandidaten sjølv eller andre personar og organisasjoner til:
Statens helsetilsyn Avd.II Postboks 8128 Dep 0032 Oslo.
Frist for innsending av søknad er 21. august 2007.
30.3.2007
|