Jobbmuligheter / Intervju
Jobbar du kan få
Sjukepleiarane arbeider i det offentlege helsevesenet både i spesialist- og i kommunehelsetenesta, i det private næringslivet som bedriftssjukepleiar, legemiddelkonsulent m.m. Som sjukepleiar kan ein og søke arbeid i utlandet.
|

Linn-Tone Myklebusthaug Sjukepleiar - heimebaserte tenester |
Eg arbeider som heimesjukepleiar ved Spjelkavik Omsorgssenter i Ålesund, og trivst svært godt i jobben min. Eg er mykje ute og treff pasienter og har stor variasjon i arbeidet. Utanom pasientbehandlinga har eg og lært mykje om sakshandsaming knytt til blant anna hjelpemiddelsentralen og alarmar.
I jobben min møter eg både mange utfordringar og situasjonar eg ikkje trudde eg ville meistre reint psykisk. Sjukepleiarutdanninga har gitt meg eit godt grunnlag til å møte og meistre dei ulike utfordringane og situasjonane eg møter på jobben.
Eg ville studere ein plass som var nært heimstaden min som er Fosnavågen. Difor fall valet naturleg på Høgskolen i Ålesund.
|
|

Mette Eidslott Svinø, Stomisjukepleiar ved Ålesund sjukehus |
Som sjukepleiar møter eg mange utfordringar kvar dag. Utfordringane er både av fagleg og personleg karakter. Sjukepleiarutdanninga har gitt meg eit godt grunnlag til å møte disse utfordringane. Etter å ha arbeidet fleire år på Kirurgisk avdeling har eg no tatt vidareutdanning i stomisjukepleie og arbeider på Kirurgisk poliklinikk og ved gastrokirurgisk avdeling. Det er stor variasjon i arbeidet. Eg arbeider både med informasjon til pasientar før- og etter kirurgiske inngrep og med undervisning / rettleiing av både pasientar, pårørande, kollegaer og studentar. Arbeidet er spennande og blir aldri rutineprega. Eg har kontakt med nye menneske og lærer noko nytt kvar dag. |
|