Studentbyen Bergen
Fritidsbyen Bergen
Bergen ligg nydeleg til ved kysten, omkransa av passeleg høge fjell, og med havet og fjorden som ein frisk, open port mot vest.
Frå naturen si side er Bergen velsigna med fritids- og rekreasjonstilbod som er heilt unike til ein storby å vere. Turområda i byfjella er blant dei flottaste i landet, og ein frisk fjelltur er aldri lenger unna enn 15 minutt, uavhengig av årstid. Skimetropolen Voss og populære Kvamskogen er berre ein time unna med buss eller tog, med velpreparerte alpinløyper med flomlys og nydeleg turterreng. Geilo når du med tog på komfortable 3,5 timar. Den bergenske skjergarden er dessutan eit eldorado for fiskeinteresserte.
Bergen er også ein stor idrettsby. Både fotball, basket og handball er store idrettsgreiner her.
I tillegg er klatremiljøet i Bergen godt, noko som er ganske naturleg med fjell overalt. Kampsportmiljøet er også stort.
Kulturbyen Bergen
Det kreativt skapande musikkmiljøet i Bergen trekker til seg artistar og musikarar frå både
inn- og utland.
Bergen Jazzforum er den leiande jazzklubben i landet, og arrangerer regelmessig konsertar med nasjonale og internasjonale jazzpersonlegdomar. Bergen er også festivalby nummer ein. Festivalane er mange, med hovudtrykk på vår og haust.
Revy- og teatermiljøet i byen har for lengst tatt av, og i Bergen er det alltid ei framsyning eller
ein konsert du ikkje kan gå glipp av.
Studentbyen Bergen
Omlag 30 000 studentar frå heile landet og frå heile verda har vald Bergen som studiestad. Dei set sitt preg på byen og får mykje tilbake. I tillegg til det som skjer i byen generelt, er mange tilbod retta spesielt mot studentane. Mykje skjer på dei typiske studentstadene - her er det aktivitetar heile året.
Trivsel må til for å skape gode resultat. Ved Høgskolen i Bergen legg me stor vekt på å legge studia til rette best mogleg, både fagleg og undervisningsmessig. Samtidig har me, saman med studentorganisasjonane, over år bygd opp eit godt sosialt nettverk og fritidstilbod for studentane.
Utdanning i Bergen
Du kan lese mer om det å være student i Bergen på Utdanning i Bergen sine nettsider. Der finner du også informasjon om studenttjenester som blant annet tilbud om studentboliger.
Utdanning i Bergen er et samarbeid mellom Studentsamskipnaden i Bergen, Universitetet i Bergen, Norges Handelshøyskole, Høgskolen i Bergen, Kunsthøgskolen i Bergen, de kristne høgskolene i Bergen, Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Bergen næringsråd.
Sist endret: 16.09.2007
