Høgskolen i NesnaHøgskolen i Nesna 
arrowHjem arrow Om biblioteket arrow Serviceerklæring lørdag, 03 november 2007  
 
  Studietilbud    Kurs og konferanser    Forskning og utvikling    Om Høgskolen    For studenter    For ansatte  

 
Biblioteket
Finn bøker og artikler
Forny dine lån
Søk og les artikler på nett
Emnesøk - gode nettsider
Leksikon og ordbøker
Finn offentlig info og statistikk
Om biblioteket
Publikasjoner fra HiNe
Kontakt biblioteket
Trenger du hjelp?
English English
Kalender

Biblioteket
Høgskolen i Nesna
8700 Nesna
Telefon: 75 05 79 11
Telefax: 75 05 79 00
E-post: bibliotek@hinesna.no



Høgskolen i Nesna

8700 Nesna
Tel: 75057800
Faks: 75057900
E-post: postmottak@hinesna.no

 

Serviceerklæring Skriv ut E-post
Innleiing

Serviceerklæringa utgjer, saman med høgskolen sin strategiske plan og årlege handlingsplan, biblioteket sine interne styringsdokument. Serviceerklæringa skal informere brukarar av biblioteket om kva for servicenivå dei kan vente seg, og den skal bidra til ei kvalitetssikring av bibliotektenesta. Erklæringa informerer også om kva for føresetnader som ligg til grunn for at brukarane skal oppleve at bibliotektenesta fungerer tilfredsstillande.

Biblioteket skal sikre brukarane god tilgang til litteratur og tenester innafor dei rammer som er tilgjengelege. Biblioteket skal utviklast til eit godt studiemiljø der studentane kan få tilgang til læringsressursar, nødvendige reiskap, rettleiing og arbeidsplassar.

Biblioteket føreset at brukarane sett seg inn i dei moglegheiter som biblioteket gir ved eigeninnsats eller ved å følgje dei kurstilboda biblioteket tilbyr, slik at ein tilegner seg den informasjonsdugleik studium og yrkesutøving krev.

SKRANKETENESTER

Skranken er bemanna i heile åpningstida, 08.45 – 18.00 måndag – fredag. Personalet kan også vere andre stader i biblioteket i samband med rettleiing og liknande, publikum kan da bruke ringeklokka ved skranken for å tilkalle personalet.

Vanlege tenester som utlån, enkle referansespørsmål og rettleiingsoppgåver blir utført fortløpande når ein tar kontakt. Ved kø kan det oppstå ventetid.

Telefonsamtalar skal prioriteras etter kundar som allereie er i skranken. Dersom alle skrankevaktene er opptatt med kundar samtidig, skal kunden i skranken bli spurd før skrankevakta svarer i telefonen.

BESTILLING AV LÅN OG FJERNLÅN

Lånebestillingar blir effektuerte dagleg, enten desse er levert munnleg, skriftleg eller elektronisk. Alle bestillingar skal vere effektuerte innan 24 timar frå mottak i biblioteket.

Fjernlånsønske som ikkje er skaffa innan ein månad, blir etterlyst eller bestilt på nytt.

Biblioteket skal gi tilbakemelding om fjernlånsønske som ikkje kan leveras. Beskjed gir ein elektronisk dersom det er mogleg. Beskjedar på papir sender ein i posten til lånarar som ikkje oppheld seg på skolen eller dei blir leverte i interne posthyller med dei begrensningar dette kan gi. Biblioteket føretset at beskjedane blir lesne, og at brukarane gir melding om adresseendringar.

Hastebestillingar bør leveras ved personleg oppmøte eller ved telefonsamtale.

PURRINGAR

Purringar blir sende ut ein gong i veka. Reserverte bøker får ein purring på straks lånetida er ute.

Første purring blir sendt elektronisk dersom lånar har oppgitt e-postadresse. Andre og tredje purring blir sendt skriftleg.

Lån kan fornyas dersom det ikkje er venteliste

Fjernlån kan fornyas dersom eigarbiblioteket godtar fornying

Biblioteket føreset at lånar straks gir beskjed dersom det er feil i purringane. Personalet skal i slike tilfelle sjekke om bøkene er komne i hyllene og sørge for at feilen blir retta opp. Låneren skal få tilbakemelding.

BRUKAROPPLÆRING

Alle nye studentar skal få tilbod om opplæring i bruk av biblioteket og biblioteket sin elektroniske katalog. For at opplæringa skal vere tilfredsstillande, er biblioteket avhengig av at kursdeltakarane har grunnleggande kunnskapar om bruk av PC og Internett. Opplæringa skjer i biblioteket og i skolen si dataskrivestue.

Brukarane kan be om rettleiing/opplæring i skranken. Rettleiinga skal gis med det same eller etter nærare avtale.
Tilsette får tilbod om opplæring på eigen arbeidsplass.

BIBLIOTEKET SI HEIMESIDE PÅ INTERNETT

Biblioteket tilbyr eit utval av elektroniske informasjonsressursar og legg til rette for bruk av desse på vår heimeside. Nokre av tenestene er berre opne på maskinar som er knytt opp til høgskulen sitt nettverk.

Informasjonen på biblioteket si heimeside skal vere oppdatert og relevant.

Lånebestillingar via Bibsys på internett blir effektuerte innan 24 timar.

Biblioteket tar atterhald om tekniske problem som kan oppstå og som biblioteket ikkje har ansvar for.

 

(Utlån, rettleiing og referanse)


Tekst: Ingvill Dahl   
Publisert fredag 14. oktober 2005
Sist oppdatert tirsdag 25. oktober 2005
 
start

Ansvarlig redaktør: Helge O. Larsen.
Web-redaktør: Agniezska B. Jarvoll.