Nyheter

På same scene

På same scene

Teaterstudentanes lineforeining sørga for ein framifrå festival. Frå venstre Anne Wiig (leiar), Erlend Haugen Vikhagen (økonomisk ansvarleg), Pinar Ciftci (matansvarleg) og Lina Taule Fjørtoft (programansvarleg). Alle foto: privat

Når dei er ferdig utdanna, skal dei kjempe om dei same jobbane i ein ikkje altfor stort marknad. Men den tid den sorg. Nyleg var teaterstudentar frå heile landet samla til studentfestival ved HiNT i Verdal.

Festivalen heiter «Glasnost» og arrangerast kvart år og på rundgang mellom Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO), Scenekunstakademiet i Fredrikstad og teaterutdanninga ved HiNT.

I år var turen komen til teaterstudentane på Tindved i Verdal for arrangementet som er 100 % studentarrangert.

- I tillegg til studentar frå KHiO og Scenekunstakademiet, inviterte vi i år også gjester frå HiNT sitt samarbeidsprosjekt "Multinorske" på Det Norske Teateret, samt våre samarbeidsskoler i NORTEAS.

Det fortel Lina Taule Fjørtoft, som er leiar i teaterstudentanes lineforeining ved HiNT.

På tvers av språk

Temaet for årets festival var "på tvers av språk".

- Dette med tanke på mellom anna kva for utfordringar som kan dukke opp når to skodespelarar med ulikt språk skal spille saman. Men det handlar også om teaterspråk, kva for ulike metodar som finst i teater, og korleis desse kan kombinerast og forskast på, fortel Taule Fjørtoft.

Til festivalen hadde dei leid inn den italienske førelesaren Paolo Asso og to foredragshaldarar frå "Institutet för Scenkonst" i Sverige.

På programmet stod og førestillinga "Why I am so fucking proud of my nazigrandpa”, med studentar frå teaterskolen Ernst Busch Academy of Dramatic Arts i Berlin, som avgangsklassa ved HiNT var og besøkte tidlegare i vinter.

Studentsosiale middel

- Det heile gikk veldig fint og vi er veldig fornøyd, seier Taule Fjørtoft, som på vegne av lineforeininga gjerne vil rette ein stor takk til Studentorganisasjonen og til SiNoT for tildeling av studentsosiale middel.

- Det hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre dette utan denne støtta, seier ho.